VIKTIGT! Se den senaste informationen om coronaviruset i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Viken ÅL

Sommarfestival

Overview

Sommarfestival i 3 dagar. Prosjektet Kulturmagi skal endeleg stå på scena for fyrste gong. 7.-9. juni i Ål kulturhus, Ål i Hallingdal.

Velkomen til sommarfestival med Ål kulturskule.

Etter ei lita pause i korona-året 2020, inviterer Ål Kulturskule igjen til sommarfest i juni. I år varar festen heile tre dagar til ende, med ulike konsertar, framsyningar og aktivitetar i og rundt Ål kulturhus. Høgdepunktet under årets festival er at deltakarane i prosjektet Kulturmagi endeleg skal få stå på scena for fyrste gong.

Kulturmagi er det som skjer når ulike menneske, med totalt ulike føresetnadar møtast på ei scene, og det oppstår scenekunst sett saman av ulike uttrykk, nestekjærleik og latter. Meistringskjensla som ensemblet kjenner når publikum blir underhalde. Det er kulturmagi!

Kulturmagi er eit gratis tilbod til born, ungdom og vaksne i Ål kommune, i regi av Ål kulturskule og Innvandrartenesta. Det er eit prosjekt der alle nasjonalitetar, og alle menneske, uansett kven ein er, blir utfordra til å utforske sine røter og sin kreativitet på vår eiga mangfaldige scene! Saman med dansarar, musikarar og andre kunstnarar ved Ål kulturskule lagar deltakarane ei magisk framsyning som får urpremiere under Sommarfestivalen 2021.

Meir info om program kjem seinare.

  • Last Updated: 2021-01-07
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

mån 7 juni 2021 16:00

tis 8 juni 2021 16:00

ons 9 juni 2021 16:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Sommarfestival
Your Recently Viewed Pages