Skip to main content
Unknown Component
civid: 565c71f8491b9b9fe0d629e9
name: plugins_common_social_share (widget)

Tysnesfest

Mer info

Tysnesfest er ein familievenleg musikkfestival på idylliske Tysnes ein times tid sør for Bergen. Når ein går av ferja i Våge er ein midt i smørauga av Døds Challenge, Ta Sjansen, Klovnar, tivoli og marknadsdagar.

Hovudarenaen for konserter er ved skulen, ca 10 minutter å gå fra ferjekaien.

Korleis komme seg til Våge på Tysnes?

Reis med offentleg transport:
Frå Bergen tar du bussen til Halhjem. Derifrå går ferja over til Våge. Då er du midt i festivalområdet.

Det er også satt opp hurtigbåt frå/til Bergen sentrum til/frå Våge. Båten går innom Kleppestø og Hufthamar på vegen.
I tillegg er det satt opp Hurtigbåt frå Skånevik, Sunde, Rosendal, Bekkjarvik, Hufthammar, Leivik, Rubbestadneset, Fitjar og frå Os.
Rutetider finn du her: tysnesfest.no/reisa/  (PS: Hurtigbåtane pleier bli fulle, så bestill billett i god tid.)

Med bil:
Følg E39 sørover frå Bergen til Halhjem fergekai og ta ferja over til Våge. Parker på festivalparkering på Windsor. Me anbefaler då å kjøyre tilbake til Bergen via Lukksundbrua og Eikelandsosen. Me anbefalar alle å reisa kollektivt, for å holda trafikken i Våge på et minimum.

Artistar:
I 2022 kom blandt anna Ronan Keating, Chris Holsten, Kjartan Lauritzen, CC Cowboys, Staysman, Halva Priset, TIX, Synne Vo og mange fleir! Artistar for 2023 vert publisert fortløpande.

Overnatting:

Båthavn:
Her kan du legge til kai i båthavna midt i sentrum av Våge, like ved fergekaien. Båtplassen kostar 650 kr for heile festivalperioden inkl. kaptein. Overnattingsgjester i båten kostar 500 kr per person (for heile festivalperioden onsdag - sundag).

Les meir her: tysnesfest.no/informasjon/

Camping:
På Camp Tysnesfest opnar det onsdag i festivalveka. Du må ha festivalpass for å bu på campingen og det går festivalbuss til og fra campingen til festivalområdet. Campingen brukar å vera populær, så bestill i god tid.

Les meir her: tysnesfest.no/camping/

Senast uppdaterad: 02/20/2024

Källa: Visit Bergen

Nyligen besökta sidor