Er forholdet mellom Iran og Israel av interesse? Få med dette føredraget!
Eirik Kvindesland har doktorgrad i historie frå Universitetet i Oxford, med ei avhandling om sionisme og jødisk historie i Persiabukta. I 2025 debuterte Kvindesland med boka Iran og Israel: gamle venner, nye fiender.
Boka fekk gode kritikkar i mellom anna Aftenbladet, Dag og Tid og Forskerforum.
Kvindesland har tidlegare vore sjefredaktør for tidsskriftet Oxford Middle East Review og har publisert ei rekkje fagartiklar.
Last modified: 2026-09-01
Källa: Stavangerregionen & Ryfylke
Se vad som finns i närheten
Eirik Kvindesland: Føredrag om forholdet mellom Iran og Israel






























































