Last modified: 2026-11-28
Källa: Innherred Reiseliv
Se vad som finns i närheten
«MINE HEILAGE TRE KONGAR» ei juleforteljing av Torvald Sund
«MINE HEILAGE TRE KONGAR»
Ei juleforteljing av Torvald Sund framførd av Stian Hovland Pedersen.
Vi legg opp til ei perfekt opplading for julestemninga dagen før fyrste sundag i advent.
Rabarbrateateret i Trodheim produserar denne førestillinga som som er skreven av Torvald Sund blir framførd av Stian Hovland Pedersen.
Lille julaftans kveld ein gong på tidleg 1970-tal, står det ein ung student på Østbanen i Oslo og lengtar heim til jul på Trøndelagskysten. Dit er det uråd å koma seg for han har berre ei krone i lomma. Dessutan er alle tog fulle av reisande. Da kjem ein konduktør frå NSB bort til han og seier det fins ei råd for deg, men da må eg ta pant i noko viktig du har. Studenten grip sjansen, men plages resten av livet fordi han ikkje får innfridd panten, og betalt gjelda si. Men i kveld får han gjort opp for seg når han fortel om reisa og møtet med tre heilage kongar.
Historia skapar god gamaldags julestemning frå tida før mobilane og internett erobra oss. Ei tid i Noreg før oljerikdomen, da vi var litt fattigare og mindre egoistiske, men såg kvarandre og hjelpte kvarandre.
I dag er studenten ein gamal mann og han begynner å gjera opp gjelda si da han ser ei kvinne med to svoltne ungar som ser ned i Frelsesarmèens tomme matkasse. Kring matkassen har kjøpesentret sett opp ei utstilling der dei tre heilage kongane står med hendene fulle av gåver, og dei kongane der vil ikkje den eldre Herren kjennast ved.
For dei som ynskjer det serverar vi ein bedre middag i førekant av forestillingen. Bordbestilling direkte til Vatn bistro.
Førestillingstart: 20:00
Last modified: 2026-11-28
Källa: Innherred Reiseliv
«MINE HEILAGE TRE KONGAR» ei juleforteljing av Torvald Sund