Skip to main content
Unknown Component
civid: 5a2ad523fe3555e4eafdc17c
name: plugins_common_social_share (widget)

Bygland

Ose Turistheim, overnatting

Tradisjonsmat og overnatting i Setesdal. Her har du lov til bare »å vere», nyte ein kopp kaffi eller eit glas med noko godt i daglegstua eller kan hende du ynskjer å kjenne på roa og kulturhistoria som sit godt i dei gamle veggane.

Ose Turistheim blei etablert allereie i 1887 av ekteparet Aslaug og Såvi Ose, som eigde staden. Men slik turistheimen framstår i dag, har han vore sidan 1909.Ose Turistheim gjekk i arv i generasjonar og blei driven av familien Ose fram til 1970. Huset blei restaurert i 1990, og interiør og eksteriør blei nøyaktig tilbakeførte til den gamle stilen. Bygget er eigd i dag av Bygland kommune. 

Heilt sidan 1887 har folk tatt seg ein god kvil på den gamle skysstasjonen. Her serverer Signe både stamgjester og vegfarande den deiligste tradisjonsmaten som er kjend langt utanfor Setesdal sine grenser.

Ose Turistheim har og rom for utleige. Det er seks rom og totalt 14 sengeplassar. 



Last updated: 11/21/2023

Source: Setesdal

Ose Turistheim, overnatting

Nyligen besökta sidor