Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)
Aurland

Ægir BryggeriPub

Ægir BryggeriPub er ein av dei største attraksjonane i området. Byggestilen er inspirert av norrøn mytologi og utvending minner bygget om ei stavkyrkje

Inne kjenner du varmen frå den 9 meter høge peisen, omkransa av  dragehovud og veggar prega av drivved. Sit ned på lammeskinnet ved peisen og nyt aromaen og smakane!

Ægir ølet er i verdsklasse og har vinne medaljar i internasjonale konkurransar. Det heile starta med øl; men det  stoppa ikkje der. Nå produserer vi vår eigen akevitt, gin, vikingmjød og hard seltzer!

Ægir BryggeriPub tilbyr ølsmaking og ein vikinginspirert meny som tek deg med på ei kulinarisk reise 1000 år tilbake i tid. Vårt konsept er  at det skal vere Ægir-øl i og til maten! Prøv vår populære Viking-inspirerte meny og vår signaturrett Ægir Vikingplanke - ein 5-rettar øl- og matmeny.

Ægir BryggeriPub er ein open restaurant og pub heile året, og tilbyr middag à la carte om kvelden. Om sommaren tilbyr vi lunsj "á la carte".


Källa: Visit Sognefjord AS

0

Ægir BryggeriPub

Nyligen besökta sidor