Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Kviteseid

Øverbø, Morgedal

Denne turen startar ved Norsk Skieventyr og tek deg til husmannsplassen kor skilegenda Sondre Norheim vart fødd. Sondre blei verdskjend som skisportens far.

Sondre Norheim  - far til den moderne skisport
Denne turen startar ved Norsk Skieventyr og tek deg til husmannsplassen kor skilegenda Sondre Norheim vart fødd i 1825. Sondre blei verdskjend som skisportens far, og verdas fyrste vinterolympiske eld vart tent i stoga på Øverbø.

Med utsyn over skisportens vogge
Turen opp til Øverbø er ein fin familietur. Har du god tid, kan du ta med niste og nyte utsikta over Morgedal frå tunet. Morgedal har fått tilnamnet “skisportens vogge”, og ord som slalåm, telemarksving og telemarknedslag har sitt opphav frå desse bratte bakkane.

Startpunkt
Frå Norsk Skieventyr kan du velje å gå bygdevegen (asfalt) eller ein naturstig i skogsterreng. Bygdevegen og stigen møtast ved Morgedal Camping. Det er 1 km frå Norsk Skieventyr til Morgedal Camping langs bygdevegen, mens det er ca 2 km til Morgedal Camping om du går naturstigen. Etter Morgedal Camping går stigen i ope kulturlandskap med stigning opp til Øverbø. Frå Øverbø går du same vegen tilbake. Ynskjer du ein lengre tur (ca 1km), ta vegen til Månin og gapahuken. Her er det tilrettelagt rasteplass med eit fantastisk utsyn. For ein kort tur, start i Bjålandsgrendi.

Køyreforklaring
Ta av til Morgedal frå E134. Etter avkøyringa til Morgedal fylgjer du vegen forbi COOP Marked. Du kan parkere ved Norsk Skieventyr, Morgedal camping eller ved Bjåland (sjå kart).

Last updated: 03/26/2024

Source: Vest Telemark

Øverbø, Morgedal

Nyligen besökta sidor