Rosendal

Baroniet Rosendal

  • Baroniet Rosendal ligg idyllisk til i Rosendal © Visit Sunnhordland
  • Baroniet Rosendal ligg flott til i Rosendal, mest ved foten av Malmangernuten.
  • Baroniet Rosendal
  • Baroniet Rosendal og Rosendal Have.
  • Flott utsikt mot Malmangernuten frå Baroniet Rosendal
  • Baroniet Rosendal med det flotte blåregn-treet langs veggen.
  • Paddetårnet
  • Blømande blåregn langs veggen ved Baroniet Rosendal.
  • Kart over Baroniet Rosendal
  • Se vår Facebook

  • Skicka email

  • +47 53 48 29 99

  • Baronivegen 60

    Kvinnherad, Vestland

    Visa på kartan

Baroniet Rosendal er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet.

Kva er Baroniet Rosendal?

Baroniet Rosendal er Noreg sitt einaste baroni, og er mellom anna kjent for den storslåtte landskapsparken med rosehagen og for eit rikt kulturprogram med konsertar, foredrag og kunstutstillingar som finn stad i løpet av sesongen. Slottet er frå 1665 og ligg idyllisk til mellom fjord, fjell og fossefall.

Kva kan du oppleve på Baroniet Rosendal?

Her kan du oppleve ein 300 år gammel Renessansehage med eit vell av roser som blømer på sommaren. Romantisk landskapspark fra 1850-åra.

I baroniet finn du både Den Blå, Den Røde og Den Gule Sal, alle med sine spesielle og unike utstillingar med ulike stilepokar.

Landskapspark og renessansehage med nydeleg rosehage. Sjølve hagen har ei historie som strekkjer seg over fleire hundre år, og er ei oppleving i seg sjølv.

Kulturprogram for 2026

Kvart år i sesongen tilbyr Baroniet Rosendal ei stor rekkje arrangement, både konsertar, seminar og teater.

På programmet i år står bl.a konsert med Janove, Bjørn Eidsvåg, Sivart Dagsland & Karoline Krüger, Eva Weel Skram, Ketil Bjørnstad, deLillos, Sivert Høyem og Ingebjørg Bratland. 14. - 16. august er det Klassisk Helg med bl.a Leif Ove Andsnes. For heile programmet og info om billettar, sjå baroniet.no/kulturprogram/.

Er det servering på Baroniet Rosendal?

Rosendal Hagekafé tilbyr lunsj i sesongen. Mange av råvarene kjem frå eigen kjøken- og urtehage. I Tesalongen (Havestuen) kan du kjøpe te - og kaffi, og heimebakte kaker. Alt i herskaplege omgjevnader.

Ei høgtidleg matoppleving får du i Ridderstuen på Avlsgården, der du i sesongen kan nyte 3-rettars middag. For reservasjon og opningstider, sjå baroniet.no.

Gamlakjøkenet serverer lappar og kaffi i sesongen.

Overnatting

Overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus frå 1800-talet. Her tilbys enkel, men komfortabel overnatting i historiske omgjevnader i sesongen frå 1. mai til 13. september. Meir informasjon om overnatting finn du på baroniet.no.

Er det omvisning på Baroniet Rosendal?

Gjennom heile sommaren er det guida omsyning inne i herskapsetasjen på Baroniet Rosendal. I høgsesong (juli) er det og omsyning i Rosendal Have. Her er også hagecafe. For meir informasjon om opningstider og omsyning sjå baroniet.no.

Korleis reise til Baroniet Rosendal?

Baroniet Rosendal ligg i Rosendal i Kvinnherad kommune i Sunnhordland. Det går passasjerbåt frå Bergen til Rosendal med dagelege avgangar - heile året, sjå rodne.no. Turen frå Bergen til Rosendal tar ca 2t ein veg. Denne båten går også innom Flesland - berre 10 minutt frå Bergen lufthavn. Frå Flesland er det korresponderande buss til flyplassen, sjå flybussen.no.

På denne sida finn du informasjon om å kome seg til og reise rundt i Sunnhordland.

Opningstider

1. mai- 21. juni og 10. – 30. august 2026

Besøkssenter/resepsjon
Ope alle dagar frå 08:00 - 20:00.
Inngongsbillett til hagen kjøpes i besøkssenteret i dette tidsrommet.

Slottet/omvisningar
Tysdag- torsdag: Omvisning kl. 11:00 og kl. 15:00 (på norsk eller engelsk, avhengig av gruppe)
Gamlakjøken og utstilling frå kl. 12:00 - 15:00

Fredag - søndag: Omvisning kvar heile time frå kl 11: - 15:00
Gamlakjøken og utstilling frå kl. 12:00 - 16:00

Hagecafè
Fredag- søndag: kl. 11:00 - 16:00

Frå 1. juni: Tysdag- søndag: kl. 11:00 - 16:00

Restaurant Ridderstuen
Fredag og laurdag kl. 19:00: 3-retters middag (må bestillast innan kl 17 samme dag)

22.- juni- 9. august

Besøkssenter/ Resepsjon
Ope alle dagar frå kl. 08- 20
Inngongsbillett til hagen kan kjøpast i besøkssenteret i dette tidsrommet.

Slottet
Alle dagar: Omvisningar mellom kl. 11:00 og 18:00,

NB! Omvisning i Hagen frå 29.juni – 26. juli kl. 11, 12, 14 og 15

Gamlakjøken og utstilling: kl. 11:00 - 17:00

Tesalong: Kl. 12:00 - 16:00

Hagecafè
Alle dagar: kl. 11:00 -16:00 (Kl. 18:30 ved arrangement i Riddersalen)

Restaurant Ridderstuen
Alle dagar kl 19: 3-retters middag (Kl. 21 ved arrangement i Riddersalen)
(Må bestillast seinast kl. 17:00 samme dag)

Frå 1. september

Omvisningar i slottet for grupper på førespurnad.

For førespurnadar kan de ta kontakt på [email protected]

Sjå også nettsida til Baroniet Rosendal for opningstider og nærare informasjon.

Källa: Region Sunnhordland