Borgund

Borgund Stavkyrkje

  • Borgund Stavkyrkje
  • Borgund Stavkyrkje
  • Borgund Stavkyrkje
  • Borgund Stavkyrkje
  • Borgund Stavkyrkje
  • Borgund Stavkyrkje
  • Borgund Stavkyrkje
  • Borgund Stavkyrkje
  • Se vår Facebook

  • Se vår Instagram

  • Skicka email

  • +47 45738972

  • Vindhellavegen 606

    Lærdal, Vestland

    Visa på kartan

Miljöcertifierade leverantörer

Miljöcertifiering av privata och offentliga företag, även inom turism.

ecoLighthouse logo

eco-lighthouse.org

Borgund Stavkyrkje er eit unikt døme på imponerande byggjekunst frå mellomalderen som er eit særmerkt landemerke langs turistvegen mot Lærdal.

Borgund Stavkyrkje er bygd kring år 1180.

Kyrkja er svært godt bevart, og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas. Konstruksjonen i stavkyrkja er basert på bruk av berande stavar og søyler. Stavkyrkjene er det viktigaste Norge har ytt til verdsarkitekturen av dei eldste trebygningane i landet. "UNIKE VIKINGTIDSFUNN" - permanent utstilling om vikingtidsfunn som vart avdekt på Bjørkum i 2009.

Fakta om Borgund Stavkyrkje

* Treskipet søylestavkyrkje med 12 stavar, frittståande klokkestøpul er truleg frå samme tidsalder.

* Apsis, svalgang og småtårn vart tilføyd truleg på 1200-talet.

* Kyrkja får preikestol i 2.del av 1500-talet. * Kring 1650 får kyrkja altertavle.

* På 1870-1880- talet vart kyrkja restaurert. Bl.a. vart vindauga frå etterreformatorisk tid fjerna.

Kyrkja tilhøyrer Fortidsminneforeningen.

Museum - med utstilling om stavkyrkjene sin rolle i det religiøse livet i mellomalderen. Kafe, suvenirbutikk og stillerom. Individuelle kan kjøpe billett ved ankomst. Grupper bestiller på førehand til [email protected]

Kongevegen over Filefjell

Borgund stavkyrkje ligg ved Kongevegen over Filefjell - midt mellom Vindhellavegen og Sverrrestigen; Start rundturen frå kyrkja og du får ein kjempeflott vandring på 1.5 time Du kan ta offentleg transport (buss) frå Lærdal til Borgund stavkyrkje og Kongevegen over Filefjell. Ein kan også leige sykkel i Lærdal og sykle oppover dalen (25 km).

Sesong: 15. april - 10. okotber

  • Vår
  • Sommar
  • Guidade turer

Källa: Visit Sognefjord AS