Vik I Sogn

Kulturhistorisk vandring i Vik i Sognefjorden

  • Hopperstad Stavkyrkje
  • Hove Steinkyrkje
  • Gamalost og Bringebærjuice
  • Langs strandpromenaden, Vikøyri
  • Moahaugane gravhaugar
  • 21 45 66 64

  • Sentrumsgata 1

    Vik, Vestland

    Visa på kartan

Opplev eit autentisk og levande norsk bygdesamfunn med sjarmerande trehus, historiske bygg og monument – alt omgitt av storslått natur.

Turen er lagt opp slik at han korresponderer med hurtigbåten frå Bergen, og gir deg ei unik oppleving som kombinerer ei flott båtreise med ei innhaldsrik guida vandring i vakre Vik.



Start med båt frå Bergen - eller møt opp i Vik:



Turen startar med båt frå Bergen kl. 08.00, og overfarten til Vik tek om lag 3,5 time. Retur til Bergen er kl. 20.45. Det er lurt å bestille i god tid, sidan ruta er populær om sommaren.



Dersom du allereie oppheld deg i Vik, eller ønskjer å kome deg dit på annan måte enn med båt, kan du bestilla kun den guida turen utan båt. Då møter du berre opp på kaien i Vik kl. 11.30. (Det tek ca 2t og 45 min og kjøyre frå Bergen til Vik.)



Båtreise frå Bergen:



Båten frå Bergen går frå Strandkaiterminalen, like bak Turistinformasjonen. Ruter går nordover langs kysten i Nordhordland og vidare inn Sognefjorden. Undervegs passerer de mellom anna:



• Alverstraumen

• Austrheim, Noregs vestlegaste fastlandskommune

• Skjerjehamn i Gulen, der båten gjer eit kort stopp



Vidare inn Sognefjorden går turen forbi Hyllestad og Høyanger før ein kjem til Vik kommune. Litt inn i kommunen når ein fram til Vikøyri, der sjølve omvisinga finn stad.



Når båten kjem til Vikøyri, går ein i land ved Vik kai, der guiden vår står klar til å ta imot deg og reisefølget ditt.



Velkomen til Vik:



Den guida turen starte på sjølve Vikøyri der guiden vil fortelje om Sognefjorden og strandsittjarstaden Vikøyri med små og naust. Her får du og ein smaksprøve av Gamalost og Bringebærjuice. Vidare går turen oppover i bygda til blant anna Hopperstad Stavkyrkje, Moahaugane gravhaugar og Hove Steinkyrkje. Turen inkluderer inngang i kyrkjene.



Med å besøkje begge kyrkjene får ein oppleve kontrasten mellom stavkyrkje og steinkyrkje som illustrere korleis tidleg kyrkjebygging i Noreg var prega av både lokale tradisjonar og med europeiske impulsar. Mens stavkyrkja båtjente vanlege folk og lokalsamfunnet, fungerte steinkyrkja som eit statussymbol for eliten.



På veg til kyrkje besøkjer me også Mohaugane og Brødehaugane gravhaugar frå førhistorisk tid.



Den lokale guide vil gi utfyllande informasjon om historiske og lokale attraksjonar, det omliggjande kulturlandskapet og om livet i Vik.



Når den guida turen er gjennomført kan du velje ein 2-rettar middag på Blix Hotell og du får moglegheit til å gå litt rundt i bygda på eiga hand. (Middagen er ikkje inkludert i prisen for denne turen)



Retur frå Vik kai, tilbake til Bergen går 17:10, men møt opp 17:00.



Dette er ein unik tur i ei fantastisk bygd og vil gi deg ei minnerik oppleving for livet.



Denne turen vil kun bli gjennomført med engelsk talande guide. For grupper som ønskjer norsk eller tysk guiding, ta kontakt med Sylvringen.



Attraksjonar:



• Hopperstad Stavkyrkje

• Hove Steinkyrkje

• Ope og levande kulturlandskap

• Gamalost – unik smak og helsebringande



Turen vert gjennomført på dagar der det ikkje er cruise anløp og ein får dermed oppleve dagleg livet i Vik, utan alt for mange andre turistar.



Turarrangør:

Sylvringen



Bestilling:

Bestill turen her.

Turen må bestillast minst 10 dagar før avreise. Ved kortare tid, ta kontakt med Sylvringen. Turen uten båt kan bestillast nærare avreise.


Barn u 4 år – Gratis0 NOK *
Barn u 13 år – Billetter728 NOK *
Voksen – Billetter1 456 NOK *
* Pris från

Källa: Visit Bergen