Jostedal

Deluxe Blåistur, Nigardsbreen

Boka
  • Nigardsbreen Glacier, Jostedal
  • Nigardsbreen Glacier, Jostedal
  • Nigardsbreen Glacier, Jostedal
  • Se vår Facebook

  • Se vår Instagram

  • Skicka email

  • Jostedal

    Luster, Vestland

    Visa på kartan

Opplev Nigardsbreen før alle andre besøker breen - stå tidlig opp og bli med på guida bretur.

Deluxe Blåistur - opplev breen før alle andre

Opplev blåisen på Nigardsbreen i ei lita gruppe på maks. 6 pers. og før alle andre turistar besøker breen. Me tek dagens fyrste båt over Nigardsbrevatnet og opplever i ei unik brenatur kor fint det er å vere ein tidleg 'morgonfugl' på tur i blåisen.

I ei lita gruppe vil du få god kontakt med breføraren. Han svarar gjerne på spørsmål om breen og om lokalhistoria knytta til bygda Jostedalen og Jostedalsbreen. Før turen startar vil ein få ei grundig innføring i bruken av tau, isøks og stegjarn.

Kva er inkludert: Brevandreutstyr og båttransporten

Kva skal ein ta med: Ryggsekk, klede som dekkar heile kroppen, ikkje shorts eller skjørt utan leggings. Fjellsko eller solide joggesko, solbriller, hanskar, vind- og vasstette klede og ein varm genser/jakke.

Hanskar kan du låne av oss, men me har ikkje små hanskar for barn.

Varigheit: 5,5 timar, på isen ca. 2,5 timar.

Dato: Til den 21.08. Etter denne datoen, vel den Lange Blåisturen som er tilsvarande.

Oppmøte: Parkeringsplassen ved Nigardsbreen

  • Sommar
  • Vår
  • Medium
  • Guidade turer

Källa: Visit Sognefjord AS