




Flåm Marina ligg 7 minutters gange frå Flåm Stasjon og Flåmsbana. Ein anna verden og utsikt - rett rundt svingen i Flåm.
På Flåm Marina får du servert god kaffi frå ein innholdsrike kaffimeny, samt noko godt tilbehøyr. Her sit du i avslappande omgivelsar med utsikt til det lokale sjølivet. Er du svolten på noko meir enn kaffi og tilbehøyr, har Flåm Marina ein fristande meny for å stilne svoltne magar. Flåm Marina har alle rettigheiter og godkjenningar som café, og du blir servert av ein blid og hyggeleg betjening som set service høgt på dagsorden.
Her finner du noko for ein kvar smak som pizza, burgere, blåskjell, pasta, toast. vegetarburger og for dei minste kan du velje mellom pommes frites, hamburger eller kylling. Sjå meny her
Flåm Marina sitt kaféområde fordelar seg over to etasjer, og på sommerstid opnar dei opp terrassen der du sit ute med utsikt til fjord og fjell med noko godt i glaset og ein matbit.
Flåm Marina har plass til ca. 50 personar nede, 45 personar oppe, og 50 personar som får nyte sommersola ute i det varme halvåret.
Källa: Visit Sognefjord AS