Flatdal

Nutheim kunstutstilling

  • Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon 

for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan 

1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie.


Kunsten står i høgsetet hjå oss. 

Det var hit til Nutheim mange av våre fremste målarar kom for inspirasjon gjennom fleire tiår. 

Her tok dei for seg av ro, lys, luft og motiv - men også av mat, drikke og gjestfridomen. 

Den fjerne utsikta over dalar og fjell inspirerer like mykje til sjelefred som til nye djerve tankar. 

Saman med fellesskapet forløyste desse rammene skapande krefter som har sett djupe spor i 

norsk kunsthistorie.


Nutheim er den dag i dag ein arena for kunst og kultur. 

Med jamne mellomrom held me arrangement i form av til dømes utstillingar og konsertar, 

og dersom kursgjester eller andre har ynskje om kulturinnslag kan me ty til eit breitt utval 

av dyktige kunstnara
  • Galleri Nutheim
  • Se vår Facebook

  • Skicka email

  • 97542705

  • Flatdalsvegen 1283

    Seljord, Telemark

    Visa på kartan

Sommarutstilling 2026 - Tor Hansen med familie Åreste hovedutstiller er Tore Hansen som skal stille ut i låven på Nutheim. I kjellaren på hotellet stiller Hanne Borkrevink, kona til Tore og Ellen Henriette Suhrke ,Hans Kristian Borchgrevink Hansen, Marthe Kampen, A Marthe, Johannes Borchgrevink Hansen ut arbeid dei har halde på med den siste tida. Opninga av årets utstilling er lørdag 27. juni kl.15.00 og blir markert med eit musikalsk innslag og servering av bobler. Dørene er opne, og det blir høve til å sjå utstillingane i ro og mak, slå av ein prat og vere s

I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av kunstnarar med tilknytning til Flatdal. Nutheim tek imot bussgrupper og andre grupper for bespisning og omvisning av deira severdighetar.



Sommarutstilling 2026 - Tor Hansen med familie



Åreste hovedutstiller er Tore Hansen som skal stille ut i låven på Nutheim.



Tore Hansen kjem frå Finnskogen, og arbeida hans står i ein tradisjon som mange vil kjenne att – nære skildringar av menneske og landskap, der det enkle og det stille får plass.



I kjellaren på hotellet stiller Hanne Borkrevink, kona til Tore og Ellen Henriette Suhrke ,Hans Kristian Borchgrevink Hansen, Marthe Kampen, A Marthe, Johannes Borchgrevink Hansen ut arbeid dei har halde på med den siste tida.



Opninga av årets utstilling er lørdag 27. juni kl.15.00 og blir markert med eit musikalsk innslag og servering av bobler.



Dørene er opne, og det blir høve til å sjå utstillingane i ro og mak, slå av ein prat og vere saman ei stund.




Källa: Vest Telemark