Stord

Gamle Fengselet Kulturhotell

Boka
  • Historisk sus i fengselet som no er hotell
  • Velkommen til Gamle Fengelset Kulturhotell
  • Sov i det som tidligere var en fengselscelle
  • Unike detaljar og historisk sus
  • Bu i unike omgivelser
  • På hotellromma er det også lagt stor vekt på detaljane
  • Vertskapet på Gamle Fengselet Kulturhotell
  • Baderom på Gamle Fengselet Kulturhotell
  • Bygningen var tidlegare eit fengsel
  • Se vår Facebook

  • Se vår Instagram

  • Skicka email

  • +47 48118800

  • Jens Hystadvegen 14

    Stord, Vestland

    Visa på kartan

På Gamle Fengselet Kulturhotell kan du bu på det sjarmerande hotellet som i si tid var fengselet på Stord. Her finn du eit spennande utval av unike rom.

Bu standsmessig i eitt av dei ærverdige romma i Rettsbygningen – eller kva med ei overnatting i den historiske fengselsdelen av hotellet, der cellene er blitt lekre rom med høg standard?

Gamle Fengselet Kulturhotell har i alt 13 rom. 8 dobbeltrom i fengselsbygningen. 4 doble (der to er superiorrom) og 1 enkeltrom i Rettsbygningen.
Nyleg er det kome til 5 ekstra rom.

Eit par av romma er universelt utforma.


Vertskapet serverer deilig frokost i trivelege lokale i fengselskjellaren kvar dag. Her får du frokost av den heimelaga sorten, med ferske og gode råvarer som er så kortreist som råd.

På Gamle Fengselet Kulturhotell er det ikkje eigen restaurant, men i småbyen Stord er det elles mange gode restauranter og spisestader å besøka til lunsj og middag, dei fleste i gåavstand.

Arrangement

Her kan arrangementet ditt "skreddarsyast" - både for private, organisasjonar og bedrifter. I det gamle fengselet på Stord byr Gamle Fengselet Kulturhotell på trivelege fasilitetar i eit spennande historisk miljø.
Anten det gjeld feiring, kurs, workshops eller noko anna. – Ta kontakt , så sørger vertskapet for dei perfekte rammene for akkurat ditt arrangement.

Kulturelle opplevingar

Som kulturhotell lever dei opp til namnet, og tilbyr til ei kvar tid ei rekkje varierte kulturarrangement. Her på Gamle Fengselet finn du til ei kvar tid ulike kulturelle arrangement og opplevingar på kalenderen. Det vil skje mykje framover. Følg Gamle Fengselet Kulturhotell i sosiale medier for siste nytt om kommande arrangement.

    Accessibility information

    • Tilrettelagt for personer med nedsatt funksjonsevne

    Källa: Samarbeidsrådet for Sunnhordland