











På Gamle Fengselet Kulturhotell kan du bu på det sjarmerande hotellet som i si tid var fengselet på Stord. Her finn du eit spennande utval av unike rom.
Bu standsmessig i eitt av dei ærverdige romma i Rettsbygningen – eller kva med ei overnatting i den historiske fengselsdelen av hotellet, der cellene er blitt lekre rom med høg standard?
Gamle Fengselet Kulturhotell har i alt 13 rom. 8 dobbeltrom i fengselsbygningen. 4 doble (der to er superiorrom) og 1 enkeltrom i Rettsbygningen.
Nyleg er det kome til 5 ekstra rom.
Eit par av romma er universelt utforma.
Gamle Fengselet Kulturhotell ligg på Stord, i gåavstand til Leirvik sentrum. Det går hurtigbåt dagleg frå Bergen, og frå kaien på Leirvik kan du gå opp til hotellet på 5 minutt. Det er også gåavstand frå busstopp i Leirvik sentrum. Det går fleire bussar til/frå både Stavanger og Bergen kvar dag. Kjem du med bil via E39, er det også kun eit par minutt frå europavegen til hotellet.
Vertskapet serverer deilig frokost i trivelege lokale i fengselskjellaren kvar dag. Her får du frokost av den heimelaga sorten, med ferske og gode råvarer som er så kortreist som råd.
Frukost er inkludert i overnattingsprisen.
På Gamle Fengselet Kulturhotell er det ikkje eigen restaurant, men i småbyen Stord er det elles mange gode restauranter og spisestader å besøka til lunsj og middag, dei fleste av desse ligg i gåavstand til Gamle Fengselet Kulturhotell.
Det er parkeringsplass (13 plasser) for hotellet sine gjester. 3 av desse har EL-billadar.
Her kan arrangementet ditt "skreddarsyast" - både for private, organisasjonar og bedrifter. I det gamle fengselet på Stord byr Gamle Fengselet Kulturhotell på trivelege fasilitetar i eit spennande historisk miljø.
Anten det gjeld feiring, kurs, workshops eller noko anna. – Ta kontakt , så sørger vertskapet for dei perfekte rammene for akkurat ditt arrangement.
Som kulturhotell lever dei opp til namnet, og tilbyr til ei kvar tid ei rekkje varierte kulturarrangement. På Gamle Fengselet tilbyr dei ulike kulturelle arrangement og opplevingar. Følg Gamle Fengselet Kulturhotell i sosiale medier for siste nytt om kommande arrangement.
Accessibility information
Källa: Region Sunnhordland