Espevær

Gamleposten 5444

Boka
  • Se vår Facebook

  • Se vår Instagram

  • Skicka email

  • 41215175

  • Espeværsvegen 14

    Bømlo, Vestland

    Visa på kartan

Gamleposten 5444 på Espevær er ein serveringstad med kortreiste smakar og historier. Lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede.

Gamleposten 5444 – skap magiske augeblikk

Kva er Gamleposten 5444?

Gamleposten 5444 på Espevær er ein serveringstad med kortreiste smakar og historier. Visjonen er dyrka på lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede. Søskena Silje, Rollaug og Torstein er oppvaksne på Espevær. Dei har alltid vore sterkt knytte til heimplassen sin. Dei starta firmaet Gamleposten5444 hausten 2015, og kjøpte det gamle tunet i Garden i november 2015.

Gamleposten skreddarsyr opplevingane og menyane saman med deg.

Bestilling må gjerast på førehand.

Opningstider

Sesongen til Gamleposten er i hovedsak påske og gjennom sommaren.
Elles er det ope for grupper (må bestillast).

Opningstider sommarsesongen 2026 (veke 26-31)

På dei følgjande opningsdagane tilbyr Gamleposten 5444 3-, 5- og 7-rettars meny frå kl 17:00 med bordbestilling.

Lørdag 27. juni

Fredag 3. juli

Lørdag 4. juli

Fredag 10. juli

Lørdag 11. juli

Torsdag 16. juli

Fredag 17. juli

Lørdag 18. juli

Torsdag 23. juli

Fredag 24. juli

Lørdag 25. juli (opnar kl.14.00 denne dagen - sjå Facebook-sida deira for meir info)

Torsdag 30. juli

Fredag 31. juli

Lørdag 1. august

Båten Venemøy er tilgjengelig for seinare avgangar etter rutetid frå Espevær på forespørsel, eller til andre anløpsstadar Om det er gjester som treng transport, går Venemøy kvar kveld i juli ca. Kl. 23.00 (unntatt veke 29).

Har du ei gruppe som treng transport ut til Espevær, kan du kontakte M/S Venemøy, Kystoppleving. Du finn meir informasjon her.

Prisar

3-rettar kr 785,-

5-rettar kr 985,-

7-rettar kr 1185,-

Drikke kjem i tillegg.

Sjå nærare info om opningstidene med meir på nettsida til Gamleposten 5444.

På den bilfrie øya Espevær kan du også besøkje Hummarparken, ta kabelferja, gå tur eller berre oppleve den gode atmosfæren.

Velkommen til Gamleposten 5444!

Källa: Region Sunnhordland