











Gjendesheim turisthytte ligg ved austenden av Gjende i Jotunheimen, og er det mest kjende startpunktet for turar over Besseggen. Gjendesheim har vore turisthytte for Den norske turistforening sidan 1878.
Gjendesheim ligg aust i Jotunheimen, ved vatnet Gjende, omtrent 2 km. frå Maurvangen ved FV 51 Valdresflye. Hytta er vakkert plassert ved dei viktigaste innfallsportane til den austlege delen av Jotunheimen. Herfrå startar den kjende Besseggen-turen, og området byr på eit stort nett av T-merkte stiar i variert fjellterreng. Gjendesheim er drive av DNT og tilbyr både overnatting og servering i tradisjonsrike omgjevnader. Her får du servert lokalmat og drikke med utsyn inn mot hjertet av Jotunheimen. Gjendesheim har dessutan lang sesong, og er ope frå midten av juni til over haustferien, og frå vinterferien til over påske. Gjendesheim er ein del av Høgruta i Jotunheimen og anten kan du bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar. Om vinteren er det dessutan mogleg å gå turen over Besseggen på ski. Gjendesheim er lett tilgjengeleg med bil og buss, og fungerer som eit naturleg knutepunkt for fjellfolk i alle aldrar. Det er bilveg heilt fram til hytta heile året. Gjendebåten, som går mellom Gjendesheim, Memurubu og Gjendebu, går frå brygga rett utanfor døra på Gjendesheim.
Källa: Visit Jotunheimen AS