Hjelle Hotel

  • Se vår Facebook

  • Skicka email

  • +47 57872750

Miljöcertifierade leverantörer

Miljöcertifiering av privata och offentliga företag, även inom turism.

ecoLighthouse logo

eco-lighthouse.org

Hjelle ligg ved austenden av Oppstrynsvatnet i Stryn Kommune, på ein roleg stad med storslagen natur, med ei atmosfære av gammal bygdekultur, - midt mellom kommunesenteret Stryn og Stryn Sommerskisenter.

Hotellet har enkel standard, med 16 rom i hovdudelen og 12 rom i motellet. Hotellet kombinerer moderne komfort med gammal norsk kulturtradisjon. Hotellet har mange salongar, ein i gammal stil, peisestove og spisesal. Hotellet har fleire romkategoriar: Romantikkrom med balkong, mini-balkong eller suite, romantikkrom med dusj og WC, twin rom med dusj og WC, samt dobbeltrom økonomi med dusj og WC på motell/anneks. Den eldste delen av Hjelle Hotel er bygd i 1896 i Sveitserstil, slik som mange andre trehotell på Vestlandet frå same tidsrom. Dei første turistane kom til Hjelle med dampbåten "Fridtjov Nansen", tidleg i 1890-åra. Den gongen var det ikkje anna enn enkle stovehus og løer der ved nordenden av Strynsvatnet. Frå strandkanten kunne turistane sjå mot Tindefjella i sør, ei rad med nunatakker omkransa av snø og is. Jostedalsbreen Nasjonalparksenter ligg kun fem kilometer frå hotellet. Rett ved hotellet ligg «gamlebutikken på Hjelle» som var bygd i 1882 og har vore driven av same familien som Hjelle hotell. I dag er det ein koselig kafé som serverer m.a. Afternoon Tea og sal av engelsk porselen. Middag på Hjelle Hotel: Hotellet serverer ein buffet med kalde og varme rettar med bordsete kl. 19.00 og 20.00. Det oppmodast til å bestille bord før kl. 16:00 på ankomstdagen. I hotellhagen finn du vår flotte sauna. Den er open for våre hotellgjester frå kl. 08:00-21:30, og ikkje-boande kan nytte saunaen kl. 12:00-12:45 og kl. 14:00-15:45

Källa: Nordfjord