

Besøk Kandal Ysteri og Gardsmat og få servert den beste brunosten i Noreg!
I bakkane mellom Skjortefjellet og Breimsvatnet ligg Kandal. Besøk
gjerne ysteriet, som ligg spektakulært og naturskjønt til like ved ein
hemmeleg foss omgjeven av nysgjerrige geiter og sauer.
Det vert produsert Kandalsost, ein brun geitost etter gamal oppskrift frå
Kandal. I tillegg finst steikeost, feta-type, kremost, yoghurt og andre
produkt. Alt laga av mjølk frå eigne geiter.
Frå ysteriparken kan ein sjå inn i produksjonslokalet der kandalsosten
vert produsert. Kaffibaren i ysteriparken tilbyr kvalitetskaffi og
tradisjonelle natronkaker, sjølvsagt med kandalsost. Her ligg også
Kandalsfossen, som representerer den ville naturen i Kandal. På andre
sida av gjerdet går beitande dyr som ein kan helse på.
I nærleiken av ysteriparken ligg galleriet til kunstnaren Solveig
Thingnes Kandal. Her kan ein kjøpe kandalsost, fjellbeta (fetatype) og
andre varer som kjøt og skinn.
Om sommaren er geitene på Myklandsstøylen, der dei har fri tilgang til
fjellbeite heile døgnet. Støylsdrift i Noreg er ein del av UNESCO si
verdensarvliste.
Det er mogleg å få guida omvisning, der ein får sjå dyr, smake ost,
oppleve kunst og natur, og vere med på mjølking av geitene. Sjå prisar
og informasjon på Kandalysteri.no.
Varene er tilgjengelege på garden/ysteriet og ved enkelte
utsalsstader, besøk nettsida for meir informasjon.
Sara Kaffibar
Sara Kaffibar er ein sommaropen utandørs kaffibar ved den vakre Kandalsfossen. Det
ligg ved Kandal Ysteri og du kan sitje ved fossen og nyte nydeleg
spesialkaffi, heimelaga lunsj og sjølvsagt dei populære vaniljesnurrane.
Her vert det også produkt frå Kandal Ysteri i maten og både sau og geit
beiter i området rundt kaffibaren. Mykje å sjå og smake på!
Opningstider, Sara Kaffibar: Juni, Juli og August (t.o.m 16. aug). Lør-Søn 11-16
Källa: Nordfjord