
Lomslosen tilbyr guida turar i Lom sentrum. Bli med på ei vandring gjennom historia, kulturen og naturen i hjarta av nasjonalparklandsbyen Lom
Bak Lomslosen står Bjørn Ola Aukrust, som er fødd og oppvaksen i Lom, og er ein vassekte Aukrust-figur. Han fortel ekte historier som du ikkje finn i nokon brosjyre.
Lomslosen tek deg med på ei vandring i Lom sentrum. Alle turar går til fots i sentrum og er om lag éin kilometer lange. Her er du innom sentralte sjåverdigheiter i fjellbygda Lom - frå Fossbergom og over brua, forbi Lom stavkyrkje, fjellsenteret og gjennom bygdamuseet i Presthaugen.
Maks 15 deltakarar per tur så du får ein nær og ekte oppleving og alltid høve til å stille spørsmål undervegs. Større grupper kan takast i mot på førespurnad.
Accessibility information
Källa: Visit Jotunheimen AS