






Med flotte, ljose lokale med utsyn mot bygdetunet og Eidsborg stavkyrkje er museumskafeen i Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit. Ope for bestilling (grupper og selskap) stort sett heile året.
Våren 2026 vil vegen mellom Eidsborg og Dalen vere stengt i seks veker grunna vegarbeid. Kafeen vil difor ha eit redusert tilbod i mai, i hovudsak kaffi og kaker.
Kafeen ved Vest-Telemark museum Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit eller eit selskap. Det er fritt utsyn mot Eidsborg stavkyrkje og friluftsmuseet. Rett ved kafeen er det fleire utstillingar og ein gåvebutikk, og utanfor finn du ein 105 meter lang vassførande modell av Telemarkskanalen med sluser og båtar. I nærleiken er det også fleire historiske vandreruter.
Maten blir laga på eige kjøken, og bruk av lokale råvarer er viktig for oss. På menyen vår finn du både tradisjonsmat og nye, spennande rettar i sommarsesongen.
Merk at det er eit enklare, meir lunsjbasert utval på vekedagar i skuldersesongane, det vil seie vår/forsommar og haust.
Prøv vår populære buffé på sundagar.
Følg oss på Facebook for oppdateringar undervegs i sesongen.
I kafeen finst det småbord eller langbord alt etter kor mange som ynskjer å sitje saman. Me har god kapasitet, og kan ta imot grupper på opptil 100 personar. Me har gode, moderne lokale for møte, kurs, konferansar og selskap. Ta kontakt med oss for tilbod, me kan arrangere møter for to til 60 personar.
For meir informasjon og bestilling av mat til grupper eller selskap, ta kontakt på e-post: [email protected].
Merk: Ikkje catering i juli månad.
Kafeen har gratis WIFI og eit innandørs leikehjørne for born. Det går også an å sitte utanfor kafeen og i Kanalparken og ete.
Det er også Museumskafe på Norsk Skieventyr i Morgedal.
Källa: Vest Telemark