Runde

Lundesafari - guida fjelltur til fuglefjellet på Runde

Boka
  • Lundesafari på Runde.
  • Fuglekikking på Runde.
  • Fuglekikking i lundeura på Runde.
  • Folk får guiding i lundeura på Runde.
  • Se vår Facebook

  • Se vår Instagram

  • Skicka email

  • +47 70080800

  • Opplev Runde AS, Rundavegen 237

    Herøy (møre og romsdal), Møre og Romsdal

    Visa på kartan

Bli med på ei magisk oppleving der land møter storhavet. På ein kveldstur til fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen.

Naturrettleiaren vil gje deg eit innblikk i sjøfuglane sitt spesielle liv, lokalhistorie frå øya og historia om ein ekte gullskatt frå forliset av Akerendam utanfor Runde i 1725.

Omvising og middag på Runde Miljøsenter

Turen startar på Runde Miljøsenter med framsyning av "Havets sølv", ein fasinerande naturdokumentar om lundefuglane og den enorme sildegytinga på Mørekysten. Før du får omvising i utstillinga på Runde Miljøsenter, får du servert ei nydeleg fiskesuppe med nybaka brød. Med fulle magar og «Havets sølv» i ryggsekken tek vår erfarne naturrettleiar dykk med opp i utstillinga.

Lær om lundefuglen på fjelltur

Turen til fuglefjellet tar omtrent 45 minuttar og høgaste punkt er sirka 200 meter over havet. Etter ein kort og bratt oppoverbakke flatar terrenget ut og resten av turen går i slak oppoverbakke. På veg mot fuglefjellet er det mykje å sjå og naturrettleiaren viser deg dei beste plassane for at du skal få mest mogleg ut av turen og moglegheit for å lære mykje meir.

Nyt solnedgangen med lundefuglane

Oppe på fuglefjellet blir det god tid til å nyte utsikta, solnedgangen og lundefuglane som susar over hovudet ditt. Du vil garantert lære noko nytt om Runde, fuglane og havet som omringer oss.

Inkludert i opplevinga er

Inngang til utstillingane på Runde Miljøsenter og visning av naturdokumentaren Havets Sølv, frå sunnmørskysten

Husets fiskesuppe med heimebakt brød, kaffe/te

Egen naturrettleiar på tur til fuglefjellet og spesielt lundeura der lundefuglen hekkar

Sitjeunderlag og kikkert til utlån

Guding på Norsk og Engelsk

Fakta om turen

Høgde over havet: 200 meter

Stigning: 200-300 høgdemeter

Avstand: 4,5 kilometer (rundtur)

  • Guidade turer

Källa: Ålesund & Sunnmøre