Øystese

Spildegarden

  • Ein familie nyt haustinga av ferske eple på Spildegarden i Hardanger. Opplev ekte norsk frukttradisjon i hjartet av fjordlandskapet!
  • Nyt kortreist mat og eplemost frå Hardanger med spektakulær utsikt over fjorden på Spildegarden.
  • Ein familiedriven gard med tradisjonar for epledyrking og siderproduksjon i Hardanger.
  • Ei unik utsiktsramme på Spildegarden med postkortvakkert panorama over Hardangerfjorden.
  • Eplehausting på Spildegarden i Hardanger.
  • Se vår Facebook

  • Skicka email

  • +47 915 59 879

  • Nedre Vik 78

    Kvam, Vestland

    Visa på kartan

Spildegarden i Øystese har produsert sider og eplemost i fire generasjonar. Her kan du smaka på prisbelønte produkt, lokale råvarer og oppleva eplesiderens kulturhistorie i vakre omgjevnader.

I fire generasjonar har Spildegarden produsert smakfulle produkt i den idylliske fjordbygda Øystese. Det er ikkje utan grunn at dei vert kalla for sideri og eplemostspesialisten i Hardanger. Hos Jane og Geir Henning kan du smaka, oppleva og høyra om eplesiderens kulturhistorie. I tillegg til sider- og eplemostsmaking, kan du handla dei prisbelønna produkta deira året rundt i gardsutsalet, samt ferske bær og frukt i sesong.



På Spildegarden kan du også smaka på autentisk tradisjonsmat laga med lokale råvarer i Eldhuset Gardsrestaurant.



Velkomen til ei flott og minnerik oppleving på Spildegarden!


  • Året runt

Källa: Destination Hardanger Fjord AS