







Eit restaurert gardstun frå 1700 og 1800-talet på Løno på Voss.
Overnatting i koselege omgjevnader og i eit særprega miljø! For bestilling - kontakt Staupstunet på [email protected] eller på +47 91103016. Rekkjetunet frå 1700 og 1800-talet vart restaurert i 2012 og 2013. Du kan leiga to hus - Stovehuset med årestova eller Kårahuset. Om Stovehuset med årestova: Huset er frå kring 1850 med årestova som vart bygd noko tidlegare. Restaurert med påbygg av bad og kjøkken i 2013. Tømmervegger i alle rom og ein lun og sjarmerande stil. To etasjar, to soverom, totalt 10 sengeplassar, bad med WC, dusj og vaskemaskin. Soverom 1: Dobbeltseng (150x200 cm) Soverom 2: To familekøyesenger (90x200 cm + 150 x 200 cm) og to enkeltsenger (90x200 cm) Om Kårahuset: Kårahuset er frå år 1900 og vart restaurert i 2012. Tømmerveggane er bevart i delar av huset, elles består huset av måla panel som gjev ein lun og koseleg atmosfære. Huset har 8 sengeplassar fordelt på to etasjar. Bad med dusj og WC, kjøkken med komfyr, kjøleskåp med frys, oppvaskmaskin og kaffitraktar. Stove med TV og vedomn. Vaskerom med vaskemaskin. Soverom 1: To familiekøyesenger (90x200 cm + 150x200 cm / 180x200 cm) Soverom 2: Ein dobbeltseng (150x200 cm) Entré i 1. etg: Ei enkeltseng (90x200 cm)
Källa: Destinasjon Voss