Ølve

Stigen Fjordlodge

Boka
  • 2_Stigen Fjordlodge
  • 16_Stigen Fjordlodge
  • 1_Stigen Fjordlodge
  • 23_Stigen Fjordlodge
  • 17_Stigen Fjordlodge
  • 4_Stigen Fjordlodge
  • 3_Stigen Fjordlodge
  • 7_Stigen Fjordlodge
  • 6_Stigen Fjordlodge
  • 5_Stigen Fjordlodge
  • 8_Stigen Fjordlodge
  • 11_Stigen Fjordlodge
  • 10_Stigen Fjordlodge
  • 12_Stigen Fjordlodge
  • 13_Stigen Fjordlodge
  • 19_Stigen Fjordlodge
  • 18_Stigen Fjordlodge
  • 15_Stigen Fjordlodge
  • 24_Stigen Fjordlodge
  • 14_Stigen Fjordlodge
  • 21_Stigen Fjordlodge
  • 22_Stigen Fjordlodge
  • 20_Stigen Fjordlodge
  • Skicka email

  • Skarvatunvegen 289

    Kvinnherad, Vestland

    Visa på kartan

Stigen Fjordlodge er ei unik perle høgt over Hardangerfjorden - bu i eit restaurert gardsbruk med panoramautsikt mot fjorden, dei mektige Rosendalsalpane og tindane i Uskedalen.

Høgt over fjorden, med utsikt mot Rosendalsalpane og tindane i Uskedalen, ligg Stigen Fjordlodge – eit tidlegare gardsbruk frå tidleg 1900-tal, no forvandla til ei unik overnattingsperle.

På Stigen Fjordlodge bur du i eit nyoppussa våningshus, med god komfort, rustikk sjarm og spektakulær utsikt få andre kan skilta med. Her opnar du vindauga til frisk fjelluft, fjordlandskap og lyden av naturen. På tunet ventar ein privat jacuzzi med fjordutsikt, kanskje Norges mest spektakulære huske hengande frå eit stort eiketre, og fleire hengekøyer du fritt kan bruka – perfekte for ein pust i bakken i eikeskogen med den unike Hardanger-naturen som kulisse.

Frå garden går det skilta sti ned til fjorden, der du finn ein liten, avskjerma rullesteinsstrand og svaberg – ideelt for eit bad, ein piknik, eller berre ein stille time i fjordkanten.

Enten du vil nyta den spektakulære utsikta over Hardangerfjorden, eller utforska ikoniske attraksjonar som Trolltunga, Folgefonna eller Baroniet Rosendal, er Stigen Fjordlodge det perfekte utgangspunktet for ferien i Hardanger-regionen.

Velkomen til Stigen Fjordlodge!

  • Året runt

Källa: Destination Hardanger Fjord AS