Kviteseid

Kviteseid gamle kyrkje

  • Interiør Kviteseid gamle steinkyrkje
  • Kviteseid gamle steinkyrkje
  • Kviteseid gamle steinkyrkje
  • Kviteseid gamle kyrkje (3)
  • Kviteseid gamle kyrkje (14)
  • Kviteseid gamle kyrkje
  • DSC_7525
  • Skicka email

  • +47 35069090

  • Kviteseid Bygdetun

    Kviteseid, Telemark

    Visa på kartan

Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a. takmåleri av den dansk-norske kongerekkea.

Kviteseid gamle kyrkje ligg ved sida av Kviteseid bygdetun, på ei vakker slette ned mot Kviteseidvatnet og Telemarkskanalen.

Kviteseid gamle kyrkje er ei hovudkyrkje i stein frå slutten av 1100-talet som er vigsla til St. Olav. Taket er dekorert i 20 felt av den kjende målaren Thomas Blix(ius) i 1714.

Kyrkja har framleis sitt opprinnelege inngangsparti med ein utskåren treboge over døra som visar to dragar samanfiltra i evig strid. Kyrkja er omgjeve av ein særs stemningsfull liten kyrkjegard.

Dei første norske steinkyrkjene blei bygd på 1100-talet, noko som er seint samanlikna med resten av Europa. Noreg hadde korkje handverkarar eller kunnskap om å bygge slike bygningar, og var avhengig av ekspertise utanfrå.
I Telemark blei det bygd 17 steinkyrkjer i mellomalderen. Åtte av desse er anten heilt eller delvis intakte. I øvre Telemark blei det bygd steinkyrkjer berre i Seljord og Kviteseid.

Omvising i Kviteseid gamle kyrkje er mogleg i sommersesongen, i opningstida til Kviteseid bygdetun.

Elles på bestilling via Vest-Telemark museum (e-post: [email protected])

Källa: Vest Telemark