




- Den vakraste bilturen
Trollbilane har avgang frå haldeplassen like ved souvenirbutikken i Briksdal. Den 2,5 km lange vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen. Frå endestasjonen på Kleivane og inn til vatnet ved Briksdalsbreen er det ca. 500 meter å gå. Stien er brei og fin og her vandrer du gjennom urørt natur i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Det er bygd rampe ved start i Briksdal og ved endestasjonen på Kleivane, så det er lett og kome seg opp i og ut av bilane. Ein rundtur med Trollbilen tek ca. 1,5 time, med stans på toppen. Det er viktig å bestille i god tid, då denne turen er svært populær. KAPASITET Maks kapasitet pr. bil er 7 personar. Maks kapasitet pr. avgang er totalt 105 personar. SESONG Sesong fra mai – oktober. I skuldersesongen (mai og oktober månad) MÅ turane tingast på førehand. Du finn rutetider på www.briksdal.no/breskyss KORLEIS KOME TIL BRIKSDAL? Frå Stryn eller Olden kai kan du ta Brebussen (rute 751) inn til Briksdalen. Her i frå tek Trollbilane deg vidar inn mot Briksdalsbreen. Du finn rutetidene til Brebussen på www.skyss.no
Källa: Nordfjord