Ornes

Urnes stavkyrkje

  • Urnes stavkyrkje
  • Urnes stavkyrkje
  • Urnes stavkyrkje
  • Urnes stavkyrkje
  • Se vår Facebook

  • Skicka email

  • +47 57678840

  • Ornes

    Luster, Vestland

    Visa på kartan

Urnes stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd kring 1130, men dei spesielle utskjeringane på nordportalen kjem frå ei enda eldre kyrkje.

UNESCO - Denne eldste stavkyrkja i landet er den einaste i sitt slag på UNESCO si verdsarvliste.

Ho står høgt og fritt med utsikt mot Lustrafjorden slik ho har stått sidan tidleg på 1100-talet. Men der den noverande kyrkja står er det funne spor etter etter ei anna kyrkje som skal vere bygd rundt 1050.

Vikingtida

Den særmerkte Urnes-stilen har namnet sitt frå Urnes stavkyrkje. Denne stilen er kjenneteikna ved flotte utskjeringar med svært høg kvalitet.

Vi ser stiliserte dyr i kamp, med kroppane samanfiltra. Dette er ein utløpar frå stilartene i vikingtida slik vi også kjenner dei frå runesteinar i Sverige og på dei britiske øyar. Inne i kyrkja er stavane i midtrommet utsmykka med rikt dekorerte søylehovud.

Opningstider

Urnes Stavkyrkje er open for besøk i perioden 02.05 - 30.09 mellom 10:30 og 17.45 kvar dag.

Källa: Visit Sognefjord AS