Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Skjåk

500 fjell | Fjellføring og kurs

Har du ein bratt og luftig draum? 500fjell tilbyr fjellføring og kurs både sommar og vinter, og hjelper deg til å finne dei finaste toppane og den beste snøen.

Drøymer du om å bestige høge, krevjande fjell, finne den gode og trygge snøen, eller få meir kompetanse om høgfjellfriluftsliv? Då er Sondre Kvambekk i guideselskapet 500fjell rette mann å kontakte!

Sondre er internasjonalt sertifisert tindevegleder gjennom NORTIND, som er den høgaste utdanninga som finst innanfor høgfjellsføring i verda. Les meir på www.nortind.no.

500fjell tilbyr fjellføring både sommar og vinter, samt brekurs, klatrekurs og skredkurs. Med ei sterk glede for natur og høgfjell, og mellom anna alle Noregs fjelltoppar over 2000 meter på merittlista, samt eit firesifra antal fjelltoppar verda over i sekken, er det inga tvil om at dette er ein kar som verkeleg brenn for yrket sitt. Sondre har besteget alle toppane i Hurrungane på eit døgn, gått Høgruta i Jotunheimen på drøye 14 timer, og vart som 19-åring tidanes yngste til å bestige alle Norge sine 376 fjelltopper over 2000 meter (primærfaktor 10).

Til dagleg er 500fjell basert i Skjåk, med nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen som sine nærmaste naboar. Uavhengig av base, tek 500fjell på seg kurs- og føringsverksomheit innanfor ski og klatring i høgfjellet heile året. Å vegleie menneskje på vegen mot å realisere draumar, samt leggje til rette for sterke naturopplevingar i eit triveleg fellesskap, er sjølve drivkrafta til  500fjell. 

Følg gjerne med på Facebook-sida og Instagram-kontoen til 500fjell, der finn du mykje informasjon og inspirasjon, og kanskje ditt neste turmål?

Last updated: 01/18/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

500 fjell | Fjellføring og kurs

Nyligen besökta sidor