Ullensvang
Aga Sideri
All Year
Autumn
Spring
Summer
Winter
Fakta
Årstid: Vinter
Aga Sideri ligg idyllisk ved Sørfjorden i Ullensvang. Her produserer dei Sider frå Hardanger som du kan smaka og kjøpa i samband med ei omvising og gardsbesøk på Aga.
På ein gard mellom dei høge fjella i vakre Sørfjorden, ligg Aga Sideri idyllisk til. I eit ideelt klima for epledyrking, steller og dullar siderbonde Joar Aga med epla før dei vert pressa og omgjort til edle siderdråpar. Den prisvinnande sideren til Aga Sideri er mogeleg å få tak i på Vinmonopolet og på gardsutsalet hans. Sideriet tilbyr også sidersmaking om sommaren. Smakinga inkluderer også ei guida omvising i historiske Agatunet, berre nokre få meter unna.
Last updated: 03/26/2024
Source: Destination Hardanger Fjord AS
Aga Sideri