Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Loen

Aking frå Loen Skylift

Norges lengste akebakke
 er ein preparert veg ned frå Hoven til Oppheim. Her akar du med fantastisk fjordutsikt i heile 7 kilometer, fordelt på ca 700 høgdemeter.

Merk at vegen endar på Holme/Oppheim, 7 km frå fjordstasjonen til Loen Skylift. Det er parkeringsplass ved Holme (mot avgift). Dei fleste vel å parkere ein bil på Holme, avtale «shuttling» med vener/familie eller bestille taxi (Stryn Taxi +47 57 87 23 50, Olden Taxi +47 950 86 146). Dei som leiger kjelke leverer inn kjelken på henvist plass der akebakken endar. Turen ned lokkar fram breie smil blant både små og store.

NB: All ferdsel i den preparerte vegen til Oppheim skjer på eige ansvar. Følg med på skredvarselet, vis hensyn og tilpass farten. Du kan møte skiløparar, vandrande, akande og maskiner langs vegen. Hjelm skal brukast under aking (inkludert i leige av kjelke). Barn må alltid vere i følge med vaksne.


Leige kjelke, akematte eller rumpeakebrett

Kjelkar, akematter og rumpeakebrett kan leigast i Fjellbutikken av Loen Active. Om fjellbutikken er stengt kan du ta kontakt med baneførar, så hjelper han/ho deg (betaling med Vipps). Hjelm skal brukast under aking med kjelke, og er alltid inkludert i leiga. For aking til Oppheim er det kun kjelke, snowracer og ratt-akebrett som er anbefalt. Leigd kjelke og hjelm kan leverast inn igjen på henvist plass der akebakken endar. I fjellbutikken kan du også leige vinterbekledning.

Pre- eller After-aking i restauranten
. Nyt utsikta frå Hoven Restaurant med noko å drikke eller å bite i mellom ake-øktene.


Kva billett bør eg kjøpe?

Loen Skylift har fleire billettalternativ, men om du vil ake ned igjen kan du kjøpe einvegsbillett eller dagspass. Med dagspass kan du ta så mange turar du vil i løpet av ein dag (innanfor opningstidene). Familiebillett ein veg er også eit alternativ, familiebillett gjeld to vaksne og to barn (6-15 år), fleire barn kan leggast til i familiebilletten. Merk at familiebillett kun er tilgjengeleg i billettluka, Fjordshop.


Sesong

Sesongen varer vanlegvis frå desember til april, avhengig av snøforholda. På skisporet.no finn du oppdatert status for trakking av løypene.

Last updated: 02/27/2024

Source: Nordfjord

Aking frå Loen Skylift

Nyligen besökta sidor