Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Aktiv i Lom | Grottetur i Dumdalen

Utforsk undergrunnen i 10.000 år gamle kalksteinsgrotter i Dumdalen.

Utforsk undergrunnen i 10.000 år gamle kalksteinsgrotter i Dumdalen. Her får ein oppleve underlege bergformasjonar, frodig landskap, stillheit og kraftig elvebrus om kvarandre.

I løpet av nokre tusen eller millionar år løyser surt vatn opp marmor som vert vaska bort sammen med porøse bergartar, medan dei harde består. Slik oppstår grotter. I Dumdalen, vest for Lom, finst ei rekkje slike fenomen der dei fleste vart danna under siste istid for omlag 10.000 år sidan.

Turen startar med korte avstandar, store rom og ljos gjennom opningar i fjellet. Etter kvart aukar lengda på grottevandringa, romkjensla vert redusert og det einaste ljoset me har er frå hovudlykta på hjelmen. Dumdalen er ein idyllisk dal med særs rikt planteliv som fylgje av den kalkrike grunnen. Så om einkvan trivest best på overflata vil dei framleis ha ein flott tur!

Deltakarane køyrer eigen bil til Dumdalen (38 km fra Lom).
Oppmøtetid: 09:50
Oppmøtestad: Parkering ved inngangen til Dumdalen, ca 500 meter vest for Bøvertun som ligg på Fv 55
Varigheit: 2-4 timar
Vanskelegheitsgrad: Enkel

Skulle oppsette dagar høve dårleg; ta kontakt med oss så skal me sjå kva me kan få til.

Last updated: 04/12/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Aktiv i Lom | Grottetur i Dumdalen

Nyligen besökta sidor