Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Aktiv i Lom | Klatrepark i Lom sentrum

Klatre- og nettparken i Lom sentrum består av ein nettpark og ein klatrepark.

Klatre- og nettparken i Lom sentrum gir både små og store oppleve mestring under trygge forhald. 

I nettparken kan dei barn ned i 2-årsalderen på eigenhand boltre seg trygt i nett-tunellar mellom små hytter - og hoppe ned på ei diger luftmadrass! Ungane er sikra ved at dei kostant er inne i eit nett. 

Klatreparken har ei klatreløype som egnar seg for litt større ungar som er over 110 cm. høge, og ei løype for ungar frå 10 år i lag med ein vaksen, eller 12 år på eigehand.

I klatreparken er ein sikra heile vegen, og beveger seg over ulike typer hinder som bruer, stiger og nett. Klatreløypa blir avlutta med at ein susar gjennom ei zipline. 

Fortsatt krutt å brenne?
Klatreparken i Lom er ein del av Lom aktivitetspark - som ligg ved innkøyringa til Lom sentrum. Her er det mange aktivitetar for barn, unge og heile familien; som gyrotrampoline, vanlege trampoliner, 9-hulls minigolfbane, trøtraktorbane, pump-trackbane for sykling - og sandkasse!. Det er guide- og aktivitetsfirmaet Aktiv i Lom som driv aktivitetsparken, som er ope kvar dag i sommarsesongen, og i haustferien. 

Du kjøper billett i ei lita bu ved inngangen!  

Velkomen til leik og mestring i Lom aktivitetspark!

Last updated: 06/22/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Aktiv i Lom | Klatrepark i Lom sentrum

Nyligen besökta sidor