Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Askvoll

Askvoll Småbåtlag, Camping

Velkomen til Askvoll småbåtlag - eit steinkast frå Askvoll sentrum.

Ved Øyra ligg Askvoll småbåtlag - berre eit steinkast frå Askvoll sentrum. Her finn du 50 meter med gjestekai, asfaltert område med grusbelagde plassar for bubilparkering og caravan, og grøntområde for telting. Her er tilgong til straum og vatn, vaskemaskin og tørketrommel, toalett, dusj og gratis WI-FI. Du finn moderne tømmestasjon for gråvann og septik ved innkjørsla til plassen. 

Ved Øyra finn du ei flott badestrand, klatrepark, volleyballbane og naust med grill som ein kan disponere. Det er ca. 10 minutt å gå til kunstgrasbane og ballbinge. 

Askvoll

Askvoll sentrum ligg i gåavstand frå hamna og campingplassen. (Ca. 400 meter). Her finn du blant anna matbutikkar, post i butikk, minibank, blomsterbutikk, Malia der ein finn alt frå verktøy til camping og båtutstyr, kafé/kro og hotell, bensinstasjon, og den alltid så hyggelege Husflidbua. I Kystgården like ved finn ein elektrokjeda Power, klesbutikken Mølla, vinmonopolet og vitus apotek. Går ein litt lengre utover mot den gamle sentrum så kjem ein til Askvoll Sjømat & Delikatesser. 

Leikepark

Leikepark med trampoliner og treningsapparat ligg i Bøparken ved bensinstasjonen midt i sentrum. Desse apparata står ute og er tilgjengeleg for alle. Her er kort veg til merka turstiar og fjelltoppar som Blåfjell, Fristadfjellet og Smørkletten. 

Øysamfunn

I Askvoll sentrum finn du fergesamband til Atløy og Værlandet/Bulandet - eit øysamfunn og fiskevær lengst vest. Her kan ein få leige sykler viss ein ønskjer det. Fergeturen til Værlandet og Bulandet tar ca 1 time, og turen til Gjervik på øya Atløy tar ca. 15 minutt. 

Prisar

Båt: 200,- per døgn inkludert straum

Bobil / Caravan: 250,- per døgn inkludert straum

Telt / lavo: 150,- per døgn inkludert straum

For meir informasjon, sjå www.askvoll-småbåtlag.no

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Askvoll Småbåtlag, Camping

Nyligen besökta sidor