Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)
ROSENDAL
TripAdvisor rating of 4

193

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal ligg flott til i Rosendal, mest ved foten av Malmangernuten.
Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal og Rosendal Have.
Flott utsikt mot Malmangernuten frå Baroniet Rosendal
Baroniet Rosendal med det flotte blåregn-treet langs veggen.
Rosendal have
Paddetårnet
Blømande blåregn langs veggen ved Baroniet Rosendal.
Kart over Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på Vestlandet.

Noreg sitt einaste baroni er mellom anna kjent for den storslåtte landskapsparken med rosehagen og for eit rikt kulturprogram med konsertar, foredrag og kunstutstillingar som finn stad i løpet av sesongen. Rosendal Kammermusikkfestival, med Leif Ove Andsnes som kunstnerisk leiar, vert arrangert i august kvart år.


Utstilling av Venjebåtar og Vogner. 300 år gammel Renessansehage med eit vell av roser. Romantisk landskapspark fra 1850-åra. Kjøken- & Urtehage med urter, blomar, grønsaker, frukt og bær. Baroniet Rosendal sin kjøkensjef tilbyr middag i forbindelse med konsertar og lunsj i Rosendal Drivhus. Overnatting med frukost (B&B) på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus frå 1850-åra i forbindelse med konsertar.


Gjennom heile sommaren er det guida omsyning inne i herskapsetasjen på Baroniet Rosendal. I høgsesong (juli) er det og omsyning i Rosendal Have. Her er også hagecafe. For meir informasjon om opningstider og omsyning sjå baroniet.no.

Sjå også nettsida til Baroniet Rosendal for opningstider og nærare informasjon.


Baroniet Rosendal er no stengt for sesongen, men hagen er open! For førespurnader om 2025 kan de ta kontakt på e-post: info@baroniet.no


Sesongopning 2025

Baroniet Rosendal har sesongopning 1. mai 2025.

Källa: Region Sunnhordland

Baroniet Rosendal

Nyligen besökta sidor