Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Berdalsnosi

Berdalsnosi

Den kortaste og lettaste vandreturen til eit utsiktspunkt i Luster

Frå Berdalsnosi er det eit herleg utsyn mot fjell og fjord. Nederst ser vi enden av Lusterfjorden. Lusterfjorden er den inste armen av verdas lengste fjord, Sognefjorden. Den delen av fjorden som er synleg for oss, heiter Haugsbukta etter gardane som grensar til bukta. Bygda heiter Skjolden. Her møtest Mørkridsdalen og Fortunsdalen, og to elvar renn difor ut i fjorden her. Begge elvane er lakseførande.

Fortunsvassdraget er utbygd med hovudkraftstasjon i Fortun. Mørkridsvassdraget er varig verna.

Skjolden er ei lita fjordbygd med om lag 300 menneske. Bygda har ein del turisme, og her er hotell, kafé, kro og tre campingplassar. Nærare oss ser vi Eidsvatnet, som er ein del av Fortunsvassdraget. Den verdskjende filosofen Ludwig Wittgenstein bygde seg hytte ved øvste enden av vatnet. I dag er det berre grunnmuren som står att, sidan hytta er flytta ned til bygda.

Oppe i fjellsida til høgre ser vi den fråflytta garden Gjerseggi. Garden ligg om lag 350 meter over havet, og vart fråflytta i 1968 etter at eit stort steinras hadde skada ein del av innmarka og truga med å øydeleggja husa på garden. Til venstre ser vi fjellgarden Furåsen. Garden ligg på 380 meters høgde og blei fråflytta tidleg på 90-talet.

Mot aust ser vi Hurrungamassivet med nokre av dei høgste tindane i Jotunheimen. Vi ser både Skagastølstindane, Ringstindane og Austabotntindane.

Parkering:
Køyr Tindevegen ( fjellveg mellom Turtagrø og Årdal). Parker ved sida av vegen ved informasjonstavla. Du finn tavla på høgste punktet på det første fjellet på vegen frå Turtagrø til Årdal, om lag 7 km frå Turtagrø.

Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Berdalsnosi

Nyligen besökta sidor