Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Geiranger

Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Lær om det vestnorske fjordlandskapet, som står på verdsarvlista til UNESCO, på besøks- og formidlingssenteret Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Norsk Fjordsenter er besøks- og formidlingssenteret for Geirangerfjorden verdsarvområde, og utstillingane viser deg det spennande og særeigne fjordlandskapet som fekk verdsarvstatus av UNESCO i 2005.

Her kan du gjennom utstillingar og interaktive stasjonar lære om korleis fjordlandskapet vart til og om dyr, flora og fauna i området. Opplev heile verdsarvområdet innandørs og komfortabelt frå kinostolen!

Aktivitetsrom

I aktivitetsrommet Fjordheimen kan borna bli kjent med Gaute Gneis og vennane hans. Her møter du isbreane, elvane og steinane som artige skapningar: Gaute Gneis viser deg alle dei flotte steinvennane sine, og du kan krype inn i magen på Moder Mantel og høyre ho fortelje om hvordan fjordlandskapet vart til. Dette er ikkje berre ei utstilling, men mest av alt eit aktivitetsrom der borna kan forske, leike, undre seg og kanskje lære noko nytt. Her er det naturen sjølv som fortel!

Kafé

På besøkssenteret er det òg ein triveleg kafé med gode smårettar og eit butikkutsal med vekt på berekraftige, norske produkt.

Last updated: 03/26/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Nyligen besökta sidor