Geiranger
Bli med på fossevandring saman med ein Fjordranger
Gjørvahaugen 35, Geiranger, Stranda
BookEasy
Glacier hiking
Guided trips
Family friendly
Likar du fossar, elvar, spektakulære utsiktspunkt og lokale forteljingar? Bli med ein Fjordranger på ei fossevandring!
Fossevandringa går frå Geiranger sentrum, langs Geirangerelva til Norsk Fjordsenter.
Her kjem du tett på den ville, vakre elva og får høyre historiene om korleis vasskreftene har forma verdsarvlandskapet gjennom tusenvis av år. Du får eit innblikk i korleis pionerane i bygda tidleg såg moglegheitene i vasskreftene – eit mindre kjent eventyr i forteljinga om Geiranger.
Storfossen er den største attraksjonen undervegs. Elva endrar seg for kvar sesong, og gir difor ulike opplevingar. Om våren smeltar snøen, og det vert mykje vatn i elvane. Du kan høyre korleis steinane vert rulla og flytta når elva går stri og vill. Det er enorme og farlege krefter som vi må ha stor respekt for: hald avstand! Om vinteren er alt frose, og i blåtimen kjennest det nesten trolsk å gå denne vandringa.
Last updated: 09/12/2023
Source: Ålesund & Sunnmøre
Bli med på fossevandring saman med ein Fjordranger