Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Mauranger

Bondhusvatnet og Bondhusdalen

Populær tur inn til Bondhusvatnet. Grusvegen inn til Bondhusvatnet er godt eigna for motorisert rullestol.

Stad

Sunndal, Mauranger.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Parkering Bondhusvatnet og viktig info

Tur i Bondhusdalen. Parkering, ta av i kryss ved FV 551, merka Bondhusbrea, kjør ca 500 meter til P-Plass Bondhusdalen parkering. Parker på oppmerka felt, eller etter anvisning frå p-vakt/turistvert. Betaling er 100,- kr pr dag. Betaling skal utførast ved ankomst før ein forlet bilen og går på tur. Dette gjer ein på P-automat og billett legges i frontrute.

Toalett er tilgjengeleg på plassen.

Det er beitedyr i området og hundar skal haldast i band til ei kvar tid. Vassdraget er drikkevatn for Bondhus og Sundal og skal ikkje badast i.

Bussar som kjem, må parkere på anvist plass 300 meter før hovudparkeringsplass, pga smal veg og snuplass.

Fartsgrense i området er 30 km/t.


Merking

Skilt og orienteringstavler er oppsette, men ruta er ikkje gjennomgåande merka.

Gradering

Bondhusvatnet: Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet. Godt eigna for barnevogn, sykkel og motorisert rullestol

Høgdeskilnad

60 – 190 moh.

Tidsbruk

2 timar t/r Bondhusvatnet. 3 timar t/r inste enden av Bondhusvatnet.

Gode råd

Stien kan vera delvis blaut opp frå Bondhusvatnet mot Vetledalen/Bondhusbrea. Her finn du gode råd for gode turopplevingar.

Turomtale

Frå P-plassen på god grusveg, Isvegen, til Bondhusvatnet 190 moh. Vegen vart bygd i 1863 for å frakta is frå Bondhusbrea ned til fjorden for eksport til utlandet, og er seinare vedlikehalden som ein uvanleg fin turistveg. Vidare er det sti langs vatnet og opp til Vetledalen 320 moh. der ein kjem nærare Bondhusbrea.

Bondhusdalen er sentral i Folgefonna Nasjonalpark, og det er ikkje tilfeldig at det var nett her dronning Sonja opna Nasjonalparken 14. mai 2005. Sjå namnetrekk på stein ved Bondhusvatnet. Området har vore som ein magnet på turistar og fjellfolk sidan midt på 1800-talet.

Rullestol

Vegen frå parkeringplassen til Bondhusvatnet har fast grusdekke. Fleire grindar må passerast på turen, så hjelpar er nødvendig. Godt eigna for motorisert rullestol. Nokre bakkar krev kraftig motor.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Bondhusvatnet og Bondhusdalen

Nyligen besökta sidor