Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

SVELGEN

Bremanger Fjordhotell

Bremanger Fjordhotel ligg Svelgen og er det ideelle utgangspunkter for dagsturar både til fjells og til havs. Hotellet er omringa av fjord, bre og ruvande fjell.

Situert i hjartet av den mektige naturen i Bremanger, vil ein oppleve at Bremanger Fjordhotell er ein stad for å nyte stillheita - og hente ny energi for ein hektisk kvardag. Svelgen er det ideeelle utgangspunkt for dagsturar både til fjells og til havs, og er vakkert omringa av fjord, bre og ruvande fjell. Her har du eit eldorado av opplevingar i nærleiken.

Frå hotellet kan du nyte den vakre utsikta frå Nordgulenfjorden. Hotellet har 39 rom med eige bad, sitjegruppe og flatskjerm. I første etasje finn du à la carte-restaurant som serverar smakfull, norsk mat. Om sommaren kan du nyte måltida på terrassen med utsikt over fjorden. Her er og ein leikekrok for dei minste som er svært populær om de ønskjer å nyte ein kopp kaffi like ved.

Etter ein lang dag med aktivitetar passar det utmerka å ta ein tur til baren for å slappe av med noko godt å drikke. Du kan og slappe av i badstua og i solariumet som du finn på hotellen. Har du lyst til å halde formen medan du er på reise? I helsestudioet finn du det du treng for ei god treningsøkt. Det er fri parkering på hotellet.  KURS OG KONFERANSE ​​​​Bremanger Fjordhotell har moderne møterom med plass til høvevis 20 og 50 personar. Trådlaust internett, overhead, projektor og anna møteromsutstyr er sjølvsagt disponibelt. I lyse lokale har ein eit godt utgangspunkt for eit vellukka kurs eller møte.

 

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Bremanger Fjordhotell

Nyligen besökta sidor