Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

SKEI I JØLSTER

Brevandring på Haugabreen

Lag feriedagen til eit eventyr i blåisen på Haugabreen! Haugabreen er ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ein perfekt bretur for heile familien.

Lag feriedagen til eit eventyr i blåisen på Haugabreen! Haugabreen er ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen Nasjonalpark. For å komme til denne breen køyrer vi gjennom eit fantastisk fjordlandskap til Stardalen i Jølster (ca. 1 time frå Sogndal). På Explore Sunnfjord i Skei møtar du ein av våre guidar som på turen inn mot breen fortel om breen si rolle i utforminga av landskapet, og om lokal brehistorie. Ved brefoten tar vi på stegjern, isøks og tau, og går inn på breen. Møtet med dei glinsande iskrystallane tilpassar vi etter gruppa sine ønsker og forutsetningar.

Tur med Breogfjell på Haugabreen krev ingen forkunnskapar. Turen vara i ca. 6 timar frå parkeringsplassen i Haugadalen. Alt av sikkerhetsutstyr (hjelm, stegjern, isøks osv.) er inkludert i prisen. Eit lurt tips er å ha ankelhøge fjellsko på denne turen.

Dato: Daglege turar frå 18 juni til 31 august. Booking seinast 19.00 dagen før. Vi operera med maks 10 deltakera per breførar. Kontakt oss på post@breogfjell.no om du ønsker privat guide. Mer informasjon om turen finn du her: https://breogfjell.no/tur/haugabreen/  

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Brevandring på Haugabreen

Nyligen besökta sidor