Garmo
Brimi sæter i Jotunheimen
Restaurant/cafe
Mountain area
På Brimi sæter byr vi på unike opplevingar, eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor. Du blir kjent med gardsdyra og historia, og får sjå korleis mjølka blir til ost. Her er vakker natur, ekte stillheit, og kulturhistorie på sitt beste.
Sommarsesong
Vi opnar sommarsesongen på Brimi sæter rundt skuleslutt kvart år.
Og har da ope kvar dag heile sommaren fram til ca skulestart. Sjekk nettsida for oppdaterte datoar.
Du finn web booking på www.brimi-seter.no
Sommarstid har du høve til å overnatte i brisk oppe på låven, lavo på tunet eller rom i seterhus, og få servert signaturmenyen vår, 4-retters skråpå-tå meny ved langbordet på låven kl 19.
Vi tilbyr 1-døgnspakke og 2-døgnspakke, der 4- retters skråpå-tå meny er inkludert i pakka.
4- retters skråpå-tå meny
Signaturmenyen vår er populær og eit måltid litt utanom det vanlege.
Da dekker vi opp langbord på låven og setter fram heimsmidde bordgrillar og smeltar eigenprodusert ost.
Den serveres med mange gode smakar og historieformidling.
Bordsetting kl 19. (Bordbestilling)
Vi serverer skråpå-tå meny kvar kveld i sommarsesong, og laurdagskveldar vår- og haustsesong.
Du kan reservere plass i web bookinga vår.
Ope seterkafé og butikk:
Ope i sommarsesong kl 11-18 kvar dag.
Seterkost som rømmevaflar, rømmegraut/ spekemat og god gamaldags kjøttsuppe med godt heimebaka brød til.
Andre lunsjrettar, som seterpizza, kan også kome på bordet.
I seterkafeen vår sel oss eigenproduserte seterprodukt av mjølk, setergris og storfe. Eit utval av andre lokalmatprodukt og gaveartiklar/ ting vil du også finne her.
Seterysteri
I ysteriet vårt på Brimi sæter lagar vi rømme, smør, kjuke ( pultost) og kvitost heile sommaren. Ysteriet har også eigen modningskjellar, der kvitosten blir lagt til modning gjennom vinteren.
Du kan følge heile prosessen - frå mjølking og ysting til lagring.
Helgepakke vår/ haustsesong
Vår- og haust, frå midten av mai, til ut oktober byr vi på ei innholdsrik helgepakke.
Dette er ofte populære helger for venneturar/ familiefeiringar.
Vi tek og imot større grupper/ firma på vekedagar i haustsesong.
Les meir om helgepakka på nettsida vår. Vi har også eit par andre pakkar du kan booke om hausten, sjekk web booking.
Julemeny:
Vi stenger sist i oktober, men har ope for julebord med ein utvida skråpå-tå meny to helger november/desember. ( Spør oss for dato)
Last updated: 08/15/2023
Source: Nasjonalparkriket Reiseliv AS
Brimi sæter i Jotunheimen