Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

BrimiBue | Restaurant

Book

BrimiBue ligg midt i nasjonalparklandsbyen Lom. På restauranten her serverer dei moderne tradisjonsmat, både til lunsj og middag.

Midt i nasjonalparklandsbyen Lom finn du restauranten BrimiBue. Her får du servert moderne tradisjonsmat, som middag frå ein varierande kveldsmeny og som lunsj i sommarsesongen. 

På Brimibue får du nyte unike matrettar i harmoniske omgjevnader midt i Lom sentrum. Her møter lokale råvarer moderne gastronomi, og resultatet er eit restaurantbesøk du seint vil gløyme. 

På BrimiBue forandrar menyen seg kvar veke. På denne måten får kokkane stort spelerom til kreativitet og det gjer matopplevinga spanande for gjestane. Matkulturen på BrimiBue er godt opparbeida av erfarne kokkar, lærlingar og etter filosofien til meisterkokk Arne Brimi.

I sommarsesongen serverar dei kun 4- og 5-retters menyar om kvelden. ​​​​​Du kan bestille deg bord på kvar halvtime mellom kl. 19.00 og 21.00

I tillegg serverar dei lunsj på drop-in kvar dag gjennom sommaren. Her tek dei ikkje i mot bord-reservasjonar. Lunsj-menyen består av nokre velsmakande rettar, som også varierar frå tid til annan. 

Last updated: 08/24/2021

Source: Visit Jotunheimen AS

BrimiBue | Restaurant

Book

Nyligen besökta sidor