Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Brynesteinsvandring

Spennande turveg frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg til det historiske Brynesteinbrotet. Få med deg brynesteinsutstillinga på Vest-Telemark Museum fyrst.

Denne turvegen tar deg opp til steinbrotet Brunåslid. Dette var det største av mange brynesteinsbrot i Eidsborg-Lårdalsområdet. Brotet vart truleg opna tidleg på 1700-talet og var i drift til rundt 1950. Ein ser dei store ”uslehaugane”, som var avfall frå brynesteinsproduksjonen. Ved den øvre haugen ser ein tufter etter ei av arbeidsbrakkene.

Brynestein frå Eidsborg har ei lang historie og ein reknar drift i berga her attende til omlag 700 e.Kr.
Den vart skipa ut vassvegen (Telemarkskanalen).

Brynesteinen er og ei særmerkt handelsvare som allereie vikingane tok med seg ut på sine ferder. Brynestein er slik funnen over heile  Europa.

Middels krevjande tur i kupert terreng. Stigen fylgjer store delar av ein gamal ferdselsveg som i dag er ein del av pilgrimsvegen i Vest-Telemark.Turen er ikkje lengre enn 4 km, men ein bør likevel rekne 2 timar på grunn av terrenget. Etter den fyrste stigninga kjem du til eit utsynspunkt med benk. Det er og benkar på toppen ved brotet. Ved start og under heile turen er det informasjontavler og retningskilt. Frå brotet kan du gå fylkesvegen attende til museet.

Turen startar ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg. Det er godt skilta til Vest-Telemark Museum frå Høydalsmo og Dalen. Parkering ved museet og Eidsborg stavkyrkje. Stigen startar ved Juvestoga på museumsområdet.  

Tilgang: Mai - oktober 

Hugs godt fottøy! 

Les historia om brynestein frå Eidsborg

Last updated: 03/07/2024

Source: Vest Telemark

Brynesteinsvandring

Nyligen besökta sidor