Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Hardbakke

Bubilparkering i Solund

Bubilparkering i Solund

Her finn du ei oversikt over bubilparkeringar i Solund.

Velkomen til øyriket Solund - den vestlegaste kommunen i Norge. Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for båt- og fiskeferiar. Solund ligg kun to timar frå Bergen og er eit utmerka reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar. Under finn du ei oversikt over bubilplassar i Solund.

Hardbakke

På Hardbakke i Solund finn du camping for bubil, campingvogn og telt. Her har du tilgong til straum, vatn, dusj, toalett og septiktømming.

Solund Rorbuferie, Nordre Hjønnevåg Her finn du bubilparkering med tilgang til straum og serviceanlegg med toalett og dusj. Her er avgrensa kapasitet, og du må booke på førehand til Solund Rorbuferie; tlf: 917 92 230. Her er ikkje tilrettelagt for telt.

Jonsokblomen Bygdelag, Hersvik Her er bubilparkering på tilvist areal, ellers er det ikkje noko anna tilbod. Plassen er ubetjent. Ytre Solund Bygdehus, Straumen/Kolgrov ​​​​​Her finn du bubilparkering på tilvist areal. Ellers er det ikkje noko anna tilbod. Plassen er ubetjent.

Lurer du på kva du kan gjer i Solund? Øykommunen er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakkert urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Bli med på fyrsafari til Norges vestlegaste fyr - Utvær. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Ønskjer du å prøve øyhopping bør du bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet & Værlandet, eller reise på øyhoppingstur til Nord Solund og høyre spennande historier frå handelsstaden Buskøy. Solund byr på mange fine naturopplevingar. Her finn du turstiar for heile familien. Ønskjer du ein rolig tur anbefaler vi dagsturhytta - Sognesjøhytta. Ønskjer du meir krevande tur med spektakulær utsikt anbefaler vi Pollatinden og Ramnenipa.

For meir informasjon om betaling og kode til fasilitetar til bubilplassen, ta kontakt med turistinformasjonen i Solund. Telefonnummer: 908 82 860. 

 

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Bubilparkering i Solund

Nyligen besökta sidor