Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Sunnmøre

Christineborg Gjesthus

Har du eit ønske om å møte lundefuglen? Frå Christineborg Gjesthus har oversikt over forholda opp fuglefjellet, og når dei lokale båtførarane tek runda rundt øya.

Christineborg Gjesthus er lokalisert på fugleøya Runde, og er ein tilbydar av overnatting, kurs/konferansar og har restaurant du kan leige til selskap. Gjestehuset blei oppført i 1979 og har i frå då til 2008 vore ein minnerik stad for mange skolebarn i landet. Runde Kystleirskole som bygninga til Christineborg Gjesthus er kjende for, har husa mange 10.000 vis av skoleelevar. Det kan tenkjast du også kjenner ein kvann som har vore akkurat her. I 2010 fekk gjestehuset nye eigarar, og har sidan hatt fokus på vedlikehald for å få eigendommen oppgradert og spannande for turistar å nytte til overnatting.

I bygget finn du 19 dobbeltrom og 10 einerom, der15 dobbeltrom er oppgraderte medan resten av romma er av eldre årgang å står for tur til oppgradering. Om det er ønskjeleg med eit lengre opphald med mat opplevingar kan gjestehuset gje dykk eit tilbod på dette. I tillegg har det blitt laga til eit lite kjøkken der ein kan lage seg eit lettare måltid og finne seg ein sofakrok å nyte maten.

I turistsesongen kan du kjøpe frukost, enten allereie ved reservasjon eller ved ankomst. Ved to-dagars opphald eller meir, spanderer Gjesthuset gratis opphald på Sunnmørsbadet. Ikkje langt frå gjestehuset ligg fuglefjellet som er godt nytta av tilreisande på øya, her finn du eit rikt dyreliv, gamle historier og minneverdige vandreturar. Ein annan attraksjon på øya som ligg like i nærleiken er Runde Miljøsenter. Hos dei kan du sjå skatten frå det historiske Hollandske skipsforliset «Acherendam» som gjekk ned utanfor øya i året 1725. Dei tilbyr også Lunde-safari, ein tur opp fuglefjellet med egen guide. Hos Goksøyr Camping har dei utsal av suvenir, kioskvarer og billettar om ein båt-tur rundt øya skulle freiste.

I dei kommande åra vil eigarane av Christineborg fortsette å bruke ledige stunder til å stadig oppgradere gjestehuset, for å gjere dette til ein meir attraktiv plass for gjestar og besøkande i framtida. Samt vil aktivitetstilboda auke i åra som kjem.

Last updated: 03/26/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Christineborg Gjesthus

Nyligen besökta sidor