Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Ciderhuset, Balestrand

Book

Ciderhuset ligg i Balestrand i ein økologisk frukthage med over 100 fruktsortar, 15 min spasertur langs fjorden frå Kviknes Hotel.

Restauranten er i eit glashus med vidt utsyn over Sognefjorden.

Ciderhuset er frå mai 2017 eit Èconomusée, ei handverksprega verksemd som er vald ut på grunn av sitt engasjement for kvalitet og det ekte. 

LÆRE & SMAKE

I ciderkjellaren foredlar vi "champagne-cider" etter tradisjonell metode og destillerer epledram. Book ei lærerik og trivelig oppleving. Familien formidlar om korleis vi gjer frukt og bær om til juice, cider og dram. Programmet varer ca. 30 min og inkluderer smaksprøvar av cider eller juice.

UTSAL

Ciderhuset har eigen butikk med ca. 20 ulike typar Balholm-cider, fruktjuice og matminne frå hagen.

ETE & DRIKKE

Restauranten har ein meny med ulike rettar av lokale råvarer og med inspirasjon frå Middelhavet. Her kan du smake på drikkevarene våre samt varme og kalde rettar (ink. vegetar- og veganrettar) og dessertar. 

Vi tilbyr også kurs og aktivitetar for påmelde, slik som kulturvandring, cidersmaking, matlagingskurs, guida tur i Balestrandsfjella, andre aktivitetar, samt selskapslokale. 

Kontakt oss for meir informasjon


Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Ciderhuset, Balestrand

Book

Nyligen besökta sidor