Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Kalvåg

Dosabu stormjakthytte

Besøk stormjakthytta i Bremanger, og få panoramautsikt til storhavet utan å bli våt. Stormhytta er ein del av satsing innanfor "Stormwatching" konseptet. Denne hytta er open for alle og er ikkje til overnatting.

Hytta er plassert på kanten av klippeterrenget på Frøya, vest av Kalvåg med panorama utsikt til stor havet. Plassering er nøye planlagt i terrenget med tanke på utsikt, inngrep og materialbruk. Det tar ca ein time å gå for å komme fram til hytta, men det er det vel verdt. Utsikta er upåklageleg.

Bremanger er eit eldorado for havørn, og kanskje du er heldig og får auge på desse majestetiske rovfuglane? Ta med mat og drikke, og nyt ein heftig storm eller ein fager solnedgong, medan du sitter lunt og godt inne.

Turen startar frå Nesje og er 3km lang. Frå Kalvåg er turen 6,5 km lang.

Last updated: 03/26/2024

Source: Nordfjord

Dosabu stormjakthytte

Nyligen besökta sidor