Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
  • Boende

    Scandic Hotels – i alla större städer från norr till söder

    Nordic Choice Hotels – en annorlunda hotellkedja

    Thon Hotels – boende med fantastisk frukost

    Radisson Blu Hotels – upptäck Norges bästa resmål

    Citybox – moderna och prisvärda hotell med centralt läge

    DanCenter – din expert på stugor i Norge

    Norgesbooking – boka den perfekta stugan i Norge

    Campcation –  Boka camping över hela Norge med Campcation

  • Resor inom Norge

    Vy – det ska vara lätt att resa grönt

    SJ NORD – äventyret börjar på tåget

    Vy express – bussresor över hela Norge

    NOR-WAY Bussekspress – res grönt med Norges expressbussar

    Widerøe – Skandinaviens största regionala flygbolag

    DFDS – Europas ledande färjeoperatör 2012-2021

    AutoEurope – smidigaste biluthyrningen

    Rent-A-Wreck – det smarta hyrbilsalternativet

    Arctic Campers – hyr husbil i Norge

    Cabin Campers – en stuga på fyra hjul

  • Rundturer

    Hurtigruten – världens vackraste sjöresa

    Fjord Tours – Norge i ett nötskal® - Norges populäraste tur

    Authentic Scandinavia – res som lokalbefolkningen

    Up Norway – skräddarsydda och lyxiga resor från de som vet

    Norrøna Hvitserk – äventyrsresor och expeditioner

    Booknordics.com – hundratals aktiviteter, turer och dagskryssningar i Norge

    Brim Explorer – Tysta fjordturer med eldriven katamaran

    Fjord Travel – Hållbara flerdagarsturer

    Go Fjords – turer och aktiviteter över hela Norge

    50 Degrees North – oförglömliga, skräddarsydda turer i Norge för mindre grupper

    Discover Norway – skidåkning, cykling och vandringsturer i Norge

    Norwegian Holidays – billiga paketresor med Norwegian: Flyg, hotell och hyrbil

    Stromma – sightseeing, utflykter och upplevelser med buss, båt och tåg.

  • Alpina fjällorter

    Beitostølen – Äventyr och avkoppling året runt

    Rauland - Skidsemester i sagolik fjällmiljö

  • Offers

Search
or search all of Norway

Eastern Norway Vestfold og Telemark VINJE

Dyre Vaa-samlingane i Rauland

  • Midtre Såtehov 3, Vinje
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview

Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.

Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.
Også Tor Vaa, son av Dyre, er representert med ei eiga avdeling i tillegg til biletkunstnaren Svallaug Svalastoga.


Dyre Vaa (1903-1980)
Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa den bilethoggaren som i sterkast grad har prega norsk skulpturmiljø. Ingen annan bilethoggar har vunne så mange tevlingar som han.

Dyre Vaa vaks opp i Kviteseid, men flytte til Rauland tidleg i 1930-åra.
Det var mange kunstnarar i Vaa-slekta, lyrikaren Aslaug Vaa var den eldste systera, og forfattaren Tarjei Vesaas og komponisten Eivind Groven var tremenningar.

Dyre Vaa gifte seg med Thora Bojer, dotter av forfattaren Johan Bojer. Thora hadde bl.a. bakgrunn som kunsthistorikar, og ho vart nytta som kritikar, rådgjevar og modell. Familien budde og i periodar i Asker.

Dyre Vaa debuterte på Haustutstillinga allereie som 20-åring, og vart då kjøpt inn til Nasjonalgalleriet.

«Mennesket» møter naturen er tittelen på fire store figurar på Ankerbrua i Oslo. Det var medan han arbeidde med desse på 1930-talet at han flytte til Rauland, og der vart han buande resten av livet.

Andre kjende arbeid er «Ulvane» på Alexander Kiellands plass i Oslo, Sjømannsmonumentet i Bergen, Holberg-monumentet ved Nationaltheatret og «Svanene» ved Oslo rådhus.

Det er usikkert kor mange kunstverk Dyre Vaa har produsert. Noko er øydelagt og noko forkasta han sjølv. Truleg er det 250 skulpturar og byster, kanskje 1000 måleri og 31 litografiar.

Podkast om Dyre Vaa: Anne Joronn Sætre: - Far var ein glad mann 

I 1964 ga Dyre Vaa heile samlinga si av modellar og figurar i gips og bronse til Vinje kommune, men Dyre vaa-samlingane opna dørene fyrst i juni 1981. I museet kan du sjå mykje av hans arbeid, både skulpturar, måleri og teikningar.

Tor Vaa (1928-2008)
Tor Vaa vart fødd i Oslo i 1928 og vaks opp på Rauland i Vinje saman med foreldra Thora og Dyre Vaa og fem sysken.

Då Tor var 18 år gammal starta han som elev hjå far sin. Seinare studerte han ved kunstakademiet i Oslo og kunstakademiet i København. I tillegg hadde han mange studiereiser i Europa, også saman med faren Dyre Vaa.

Tor Vaa arbeidde mykje med tolking av naturen, gjennom skulptur, relieff, teikningar og maleri. I 1949 og 1961 fekk han Statens kunstnarstipend og i 1951 stipend frå Fondet for dansk-norsk samarbeid. Frå 1979 hadde han Statens garantiinntekt og frå 1990 kunstnarløn frå Vinje kommune.

Tor Vaa var berre 19 år gamal då han debuterte på Haustutstillinga, med eit portrett i kleberstein av systra Anne Joronn, kalla «Gunga». Han nytta gjerne syskena sine som modellar.

Andre høgt akta verk av Tor Vaa er mellom anna skulpturen «7 år», omtalt som ein av dei finaste barneskulpturane i landet, og ein skulptur av Henrik Wergeland laga for Katedralskulen i Oslo i samband med skulen sitt 800-årsjubileum.

 

Svallaug Svalastoga (1920- 1978)

Svallaug Svalastoga er best kjend som grafikar, og fann tidleg fram til tresnittet. Bileta hennar tek utgangspunkt i naturen, og motiva er ofte blomar og dyr som er basert på grundige studiar.

I seinare år budde ho i Lofoten, og motiva her skildrar fjellformasjonar, holmelandskap med fuglar og steinar. 

Svallaug blei utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo (1945 - 1948, 1956 - 1957), og på Statens kunstakademi i Oslo under Aage Storstein (1948–1951).

Ho har hatt separatutstillingar og deltatt i gruppeutstillingar i India, Sør-Amerika, USA og Italia, og mange stader i heimlandet. Ho er innkjøpt av m.a. Nasjonalgalleriet, Bergen billedgalleri, Lårdal bygdemuseum (VTM), Statens museum for kunst, København og The Dittman Coll. og Oregon State University Coll., USA

I 1960 mottok ho Grafikerprisen.

Familien gav delar av samlinga etter henne til Vinje kommune.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sommarsesong.


E-post: booking@vtm.no

​​​​​​Tlf: 35069090


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Opening hours

25 jun 2023 – 15 aug 2023
tis ons tor fre lör sön 11:00–17:00
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages