Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)

Stadlandet

Ervik

Ytterst på Stadlandet, inne i ei vik, finn du bygda Ervik. Her finn du ei av dei beste surfestrendene i Noreg.

Bygda er lita, men rommer mykje av både historie og aktivitetar. Ved siden av den flotte sandstranda finn du den særprega kyrkjegarden og minnekapellet over ulukka med St. Svithun hausten 1943. Båten vart angripen og senka av allierte jagarfly, og mange ervikera risikerte livet for å redde passasjerane ombord.

I dag finn du alt i frå det største linebåtrederiet i Noreg til store veldrivne gardar. Du finn til og med ein italienar som lagar ost og eit gammalt eldhus der du kan få servert eit måltid med smak av lyngheiene på Stad, slik som berre kortreist mat kan gje deg.

Det er flotte turområder i Ervik, som til dømes Hovden. Ynskjer du guida vandring i området, kan du kontakte Stadt Naturguiding, som kjenner området og kan fortelje om den rike historia til området.

Last updated: 03/26/2024

Source: Nordfjord

Ervik

Nyligen besökta sidor